– fokus på din neste stilling

 

Utdanningsleiar/Avdelingsleiar Fagskulen Vestland-Studiestad Nygård

 

FAV – FAGSKULEN VESTLAND, Vestland fylkeskommune

Vil du bli vår nye Avdelingsleiar/ Utdanningsleiar innan Martime fag og Petroleumsfag ved Fagskulen Vestland- Studiestad Nygård?

Vi søkjer etter ein dyktig leiar med erfaring frå relevant næringsliv og leiing .

Trivast du i tverrfaglege miljø, er du glad i menneske og opptatt av kunnskap og kompetanse, då er det deg vi ønskjer som ny leiar for Maritimt og petroleumstekniske utdanningar ved studiestad Nygård .
Utdanningsleiar inngår i prorektor for utdanning si leiargruppe og har medansvar for utvikling av Fagskulen Vestland i samsvar med strategi, målsetjingar og verdigrunnlag for Fagskulen Vestland.
Med over 1900 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 170 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.

Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekker seg over fleire år og kortare fleksible utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skolen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga.

Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Søknadsfrist: 25.01.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Bergen
Stillingstittel: Utdanningsleiar/Avdelingsleiar Fagskulen Vestland-Studiestad Nygård
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4605189140

Arbeidsoppgåver
Ansvar for:

fagleg og pedagogisk kvalitet
studentane sitt læringsmiljø
dei økonomiske rammene for eininga
personaloppfølging
å utvikle nye utdanningstilbod i samarbeid med arbeidslivet
vidareutvikle kontakt med næringsaktørane i regionen
utvikling av ein god KS kultur ved eininga
avvikshandtering, revisjonar, pedagogisk del av eksamen
å legge til rette for digitalisering og nyskaping i utdanningane
delta i nasjonale fora som er relevante for stillinga

Kvalifikasjonar

Leiarerfaring frå høgare utdanning, vidaregåande opplæring eller relevant arbeidsliv
God kjennskap til høgare yrkesfagleg utdanning er ein føremon
God kjennskap til relevant arbeids- og næringsliv, samt kompetansebehovet i arbeidsmarknaden
Utdanning innan eit av fagområda er ein føremon. Særleg vil vi vektlegge Sertifikat innan dei maritime faga
Det er ønskjeleg med erfaring frå revisjonsarbeid, og god kunnskap om STCW konvensjonar og IMO reglar
Pedagogisk kompetanse

Personlege eigenskapar

Gode leiareigenskapar
Motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
Evne til å ta strategisk og heilskapleg perspektiv
Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt

Vi tilbyr

Fagleg utvikling
Interessante arbeidsoppgåver
Lærevillige studentar
Hyggelege kollegaer
Høve til å knytte gode kontaktar i det lokale næringslivet
Fleksibel arbeidstid
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk

 

Søk på stillingen her.

 

Odd Frantzens Square 5, Vestre Strømkaien 19, 5008 Bergen, Norge

Kontaktinformasjon

Eilert, Aarseth
470 59 233
eilert.arseth@vlfk.no

Håvard Endre Waage, Utdanningsleiar
924 82 123
havard.endre.waage@vlfk.no

Torbjørn Mjelstad, rektor
971 42 081

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Olav Lee
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 930 34 370
  • Erik Henneli
  • Tittel: Ass. rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 958 26 077

Lokasjon

  • Straume
  • Skogsvåg

Søknadsfrist

Januar 8, 2023