– fokus på din neste stilling

 

Tenesteleiar for legetenesta i Gloppen kommune

 

Legetenesta, Gloppen kommune

Tenesteleiar er administrativ og fagleg leiar for legetenesta i Gloppen kommune. Stillinga er i utgangspunktet 60 %, men kan utvidast til 100 % med oppgåver knytt til støttefunksjonar ved legesenteret.

Gloppen kommunale legesenter er eit veldrifta legesenter med eigen legevakt. Det er stabil legedekning med sju besatte fastlegeheimlar og ei LIS 1 stilling. Det er 5 årsverk knytt til støttefunksjonar ved legesenteret (sjukepleier, bioingeniør, helsesekretær). Arbeidet skal gjerast i tett samarbeid med fagleiar for legevakt, legetenesta og kommuneoverlege.

Gloppen Kommune har eit rikt kulturliv og svært gode muligheter for toppturar til fots, ski og sykkel både sommar som vinter, med meir. Sjå link: https://www.nordfjord.no/Gloppen

Søknadsfrist: 15.01.2023
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Stillingstittel: Tenesteleiar for legetenesta i Gloppen kommune
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4593237700

Arbeidsoppgåver

Tenesteleiar for legetenesta har eit heilskapleg ansvar for sitt område i høve:

Planlegging, kvalitet og fagutvikling
Økonomi -budsjettstyring
Leiing og personalansvar

Stillinga rapporterer til kommunalsjef for Helse og velferd, og inngår i hennar leiargruppe.

Kvalifikasjonar

Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
Det er ønskjeleg med leiarutdanning/leiarerfaring
Du må ha god IT kompetanse og kunne bruke våre fagsystem som er Pasientsky , RS, Framsikt, Compilo, Visma og WebSak.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein engasjert og tydeleg leiar som vil arbeide for ei god fagleg og organisatorisk utvikling av tenesta.
Leiar skal vere pådrivar for å skape gode tenester, ha evne til å leie og motivere dei tilsette og bidra til å arbeide systematisk og strukturert for å oppnå resultat i arbeidet.
Vår nye medarbeidar må vere sjølvstendig, ansvarleg og ha evne til samarbeid. Det er viktig å vere løysingsorientert og ha gode kommunikasjonsevner.

Som leiar i Gloppen kommune skal du ha fokus på samhandling, likeverd, tillit og arbeidsglede

Vi tilbyr

Ein kompetansearbeidsplass der du får vere med å utvikle tenestene saman med andre.
Legesenter i lyse lokaler i kommunesenteret på Sandane med utsikt over Gloppefjorden.
Eit velutstyrt laboratorium.
Fleire skiftestover.
Godt arbeidsmiljø med felleslunsj, samt vekentlege legemøte.
Godt samarbeid med den kommunale helsetenesta.
Vi legg til rette for leiarutdanning / kompetanseutvikling.
Lønn etter avtale og pensjonsordning i KLP
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

 

Søk på stillingen her.

 

Kontaktinformasjon

Gunhild Gimmestad, Kommunalsjef helse og velferd
916 40 696

 

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har god barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.

 

Del stillingen

Selskap

Gloppen kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • John Rune Ødven
  • Tittel: Kulturskulerektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 474 78 702

Lokasjon

  • Sandane

Søknadsfrist

Januar 16, 2023