– fokus på din neste stilling

Statsautorisert revisor (søknadsfrist 20.11)

Ledig stilling som finansiell revisor i Vestland Revisjon KO
ArbeidsgiverVestland Revisjon Kommunale OppgåvefellesskapStillingstittelStatsautorisert revisorFrist20.11.2021AnsettelsesformFast
Selskapet dekkjer trongen for revisjonstenester til eigarkommunane, som omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll, etterlevingsrevisjon, attestasjonsoppgåver og rådgjeving. Oppdragsporteføljen omfattar i tillegg til kommunar interkommunale selskap, kommunale føretak, kyrkjelege fellesråd, private barnehagar, legat, stiftingar og foreiningar. Vi nyttar revisjonsverktøyet “Descartes”.

Selskapet nyttar nynorsk som administrasjonsspråk.

Vestland Revisjon søkjer no etter revisorar til finansiell revisjon.

Vi kan tilby

– Utfordrande stilling med allsidige og varierte arbeidsoppgåver.

– Høve til å påverke din eigen arbeidsdag og arbeidsoppgåver.

– Gode kurs- og etteropplæringstilbod.

– Fleksibel arbeidstid.

– Løn etter avtale.

Ønska kvalifikasjonar

– Statsautorisert revisor eller annan høgare utdanning innan rekneskap eller revisjon.

– Erfaring og kunnskap om kommunal sektor.

– Gode kommunikasjons- og formidlingsevner, under dette god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

– Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta, systematisk og effektivt.

– Førarkort klasse B.

Arbeidstakarar blir tilsette i Vestland Revisjon KO på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.

 

Det kan blir stilt krav om politiattest for god vandel.

 

Stillingane får kontorstad i Sogndal eller Førde.

 

Om arbeidsgiveren
VESTLAND REVISJON
Kommunalt Oppgåvefellesskap
Vestland Revisjon KO er eit interkommunalt revisjonsselskap som primært yter revisjonstenester til eigarkommunane. Selskapet er eigd av kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Luster , Sogndal, Solund, Stad, Stryn, Sunnfjord, Vik og Årdal. Hovudkontoret ligg i Førde. Selskapet har desentralisert struktur med regionkontor i Florø, Sogndal, Hyllestad, Måløy, Nordfjordeid og Stryn.

Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til dagleg leiar Asgeir Tveit tlf. 908 74 388.

Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar vert å sende til Vestland Revisjon KO, Postbok 487, 6803 FØRDE eller e-post postmottak@vestrev.no innan 18. november 2021.

SektorOffentligAntall stillinger2StedPostboks 487, 6803 FørdeBransjeOffentlig administrasjon,Økonomi og regnskapStillingsfunksjonRevisjon og kontroll
Nøkkelord
revisor

Vestland Revisjon Kommunale Oppgåvefellesskap
Spørsmål om stillingen
KontaktpersonAsgeir TveitStillingstittelDagleg leiarTelefon57 61 26 44Mobil908 74 388
Send melding
Denne annonsen har FINNs “Enkel

Del stillingen

Selskap

Vestland Revisjon KO

Lenke til firma

Kategorier

Kontaktinfo

  • Asgeir Tveit
  • Tittel: Dagleg leiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon 57 61 26 44 Mobil 908 74 388

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

November 20, 2021