– fokus på din neste stilling

Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester
Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester

Sjukepleiar/venepleiar 100% vikariat Rus- og psykiske helsetenester

 

Omtale av stillinga

Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter sjukepleiar/vernepleiar i 1 års vikariat i 100% stilling. Turnus med arbeid kvar 4. helg i langvakter.

Arbeidsstad på Husnes, Oppfølgingstenesta S15.

Som sjukepleier/vernepleier vil ein vere primærkontakt for brukarar og ha koordineringsansvar, ansvar for oppfølging av pakkeforløpet, deltaking på ansvarsgruppemøter og deltaking/koordinering av IP.
Overordna mål å gi helsehjelp for å betre brukarane si fysisk og psykisk helse. Dette gjerast både gjennom oppfølging av brukarar i LAR, vedtaksbestemt oppfølging og lågterskelarbeid.

Tilsetjing etter avtale, 1 års vikariat.

Kvalifikasjonar

– Fortrinnsvis sjukepleiar eller anna relevant helse-og sosialfagleg høgskulekompetanse, men også andre med relevant kompetanse og erfaring innan rus og psykisk helse kan søkja.
– Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
  • Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg.
  • Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.

Oppmodar menn til søkja til å søkja stillinga.

Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

  • Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
  • Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste.
  • Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Søk på stillinga her.

 

Fylke: Vestland

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Skift/turnus

 

Søknadsfrist: 15.01.2023

 

Tiltreding:’ 01.02.2023

Arbeidsstad: S15 og Utsikten bufelleskap

 

Kontaktpersonar:

Ida Dolonen-Marthinussen

mob: +47 91004268

Linn Stene Hellås

mob: +47 95960651

 

Heimeside:
www.kvinnherad.kommune.no
Adresse: Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.

Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.

Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Odd Steinar Arnesen
  • Tittel: Einingsleiar
  • E-Post: odd.steinar.arnesen@kvinnherad.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Mobil 907 22 766 Arbeid 907 22 766

Lokasjon

  • Uskedalen

Søknadsfrist

Januar 15, 2023