– fokus på din neste stilling

Volda

 

Seniorkonsulent ved Avdeling for samfunnsfag og historie

 

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie er det frå 1. januar 2023 ledig 100 prosent fast stilling som seniorkonsulent. Stillinga er i avdelingsadministrasjonen, med administrasjonssjef som næraste overordna. Den som vert tilsett vil også samarbeide tett med vitskapleg tilsette ved avdelinga og studieadministrasjonen ved høgskulen.

Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for vel 1300 studentar, fordelte på tre institutt; Institutt for sosialfag, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, og Historisk Institutt. Det er i alt 85 tilsette ved avdelinga, av desse er 10 fast tilsette i administrative stillingar (inkludert dekan og administrasjonssjef).

Kvalifikasjonar

  • Den som søkjer må ha høgare utdanning, normalt på bachelornivå, og røynsle frå relevant administrativt arbeid.
  • Vi etterspør kunnskap og røynsle i bruk av allmenne administrative dataprogram, og god allmenn digital kompetanse. Høgskulen nyttar mange ulike dataprogram og koordineringssystem, og den som blir tilsett må ha evne til å setje seg inn i og bruke desse.
  • Kjennskap til og arbeidserfaring frå høgare utdanning og utdanningsområda ved avdelinga, vil bli lagt vekt på.
  • Den som får stillinga må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig med sakshandsaming.
  • Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
  • Søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Arbeidsoppgåver

  • Den som vert tilsett vil i hovudsak få ansvar for studieadministrative oppgåver i sosialarbeidarutdanningane, men også meir generelle administrative oppgåver i den samla verksemda ved avdelinga.
  • For at avdelinga til ei kvar tid skal vere i stand til å løyse dei administrative oppgåvene på ein best mogleg måte, kan ansvars- og arbeidsoppgåvene i stillinga bli endra/justerte i samsvar med endra behov.
  • Oppgåvene som seniorkonsulent stiller høge krav til systematisk arbeid og til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Det er nødvendig å samarbeide med andre i avdelingsadministrasjonen, med instituttleiarar, med vitskapleg tilsette ved avdelinga og med fellesadministrasjonen ved høgskulen.
  • Nær dialog med instituttleiarane er sentralt.

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr varierte arbeidsoppgåver, og ved Avdeling for samfunnsfag og historie er det eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Tilsette ved Høgskulen i Volda kan trene i arbeidstida, inntil ein time i veka.
  • Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda: seniorkonsulent 1363, kr. 526 100 – kr. 573 900.-

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Dagleg arbeidsstad er Høgskulen i Volda.

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetjing, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi gjer søkjarar, som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.

Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

– vitnemål og attestar, samla i ei fil
– CV

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til høgskulen ved administrasjonssjef Kjell-Einar Dagfinrud, tlf. 70 07 51 75.

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

 

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 

Søk på stillinga her.

 

Søknadsfrist 30. november 2022

 

Arbeidsgivar Høgskulen i Volda

Kommune Volda

Omfang Heiltid

Varigheit Fast

Arbeidsstad Volda

 

Del stillingen

Selskap

Høgskulen i Volda

Lenke til firma

https://www.hivolda.no/

Kategorier

Kontaktinfo

  • Ola Teige
  • Tittel: Instituttleiar
  • E-Post: ola.teige@hivolda.no
  • Mobil/Tlf: Telefon 70 07 54 99
  • Randi Bergem
  • Tittel: Dekan
  • E-Post: randi.bergem@hivolda.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 70 07 52 11

Lokasjon

  • Volda

Søknadsfrist

November 30, 2022