– fokus på din neste stilling

Seksjonsleiar Medisinsk og ortopedisk seksjon, Lærdal sjukehus (Søknadsfrist: 03.11)

 

Medisinsk og ortopedisk seksjon, Lærdal sjukehus

Seksjonsleiar

 

Medisinsk og ortopedisk seksjon ved Lærdal sjukehus har ledig fast stilling for felles seksjonsleiar frå desember 2021. Stillinga inneber overordna einskapleg leiing for seksjonane og dagleg leiing av medisisinsk og ortopedisk legegruppe. Seksjonsleiar er næraste overordna til einingsleiar for medisinsk og ortopedisk sengepost, samt einingsleiar for felles poliklinikk. Seksjonsleiar rapporterer til avdelingssjefane i medisinsk og ortopedisk avdeling.

Stillnga krev stor grad av nærvær på sjukehuset, det vil ikkje bli tilrettelagt for heimekontor. Stillinga kan ikkje delast. Dersom seksjonsleiar ikkje er lege, vert det peika ut medisinskfagleg rådgjevar.

Søknadsfrist: 03.11.2021
Arbeidsgivar: Helse Førde
Stad: Lærdal
Stillingstittel: Seksjonsleiar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4437612201

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene inneber leiing av fag, økonomi og personal ved seksjonen, med hovudvekt på:

rekruttering / opplæring / kompetansebygging / kvalitetssikring
oppgåveplanlegging og ressurfordeling
utarbeiding av handlingsplanar, HMS- og kompetanseplanar
medarbeidaroppfølging
månadleg rapportering vedkomande aktivitet og økonomi, budsjettarbeid
deltaking i leiarmøter i avdelingane, klinikkane og føretak
kvalitetsarbeid som inkluderer intern kontroll, avviksbehandling, forbetringsprosjekt osv.

Kvalifikasjonar

Erfaring som fagleiar eller administrativ leiar i helsetenesta, eventuelt frå andre organisasjonar er eit krav. Det er ein fordel med vidareutdanning innan leiing og administrasjon
Kjennskap til drift av legeteneste i sjukehus er ein fordel
Kjennskap til fagfelta er ein fordel
God datakunnskap / tryggheit i bruk av dataverktøy er nødvendig

Personlege eigenskapar

Ha organisatoriske evner og like å jobbe som leiar i ein kompleks organisasjon med spennande utfordringar
vere fleksibel, positiv, men også resultatorientert og beslutningsdyktig
Ha eigenskapar som fremjar kommunikasjon og samhandling internt og eksternt i organisasjonen
Ha eit heilskapleg perspektiv på helsetenesta og sjå indremedisinsk/ortopedisk verksemd som ei brikke i det totale helsetilbodet for befolkninga i Sogn og Fjordane

Vi tilbyr

Medisinsk og ortopedisk avdeling tilbyr godt leiarfagleg teamarbeid med støttande samarbeid og jamnleg leiardialog med avdelingssjefar
Spennande utfordringar i eit stimulerande fagmiljø
Lønn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Leiarutvikling
Hjelp med å skaffe bustad

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Lærdal sjukehus, 6887 Lærdal

 

Kontaktinformasjon

Karianne Indrebø, Avdelingsjef ortopedisk avd.
(+47) 918 67 566

Laila Haugland, Avdelingssjef medisinsk avd.
(+47) 481 01 340

 

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

 

 

Del stillingen

Selskap

Helse Førde

Lenke til firma

https://helse-forde.no/

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

November 3, 2021