Rektor (søknadsfrist 31.05)

 

Rektor Eidsdal skule

 

Fjord kommune har ledig 100 % stilling som rektor ved Eidsdal skule frå 01.08.2018.

Eidsdal skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 54 elevar og 13 tilsette. Skulen har elevar frå bygdene Eidsdal og Norddal. Satsingområdet for skulen er Verdsarvskulen, kor vi aktivt brukar verdsarven i planane og aktivitetane våre.

Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har eit sjølvstendig ansvar for fag, personale og økonomi ved Eidsdal skule og SFO. Rektor har kommunalsjef oppvekst og kultur som næraste leiar og vil saman med rektor for Stordal og Valldal skule skape eit sterkt leiarteam for å gi dei tilsette og elevane ein best muleg skulekvardag. Fjord kommune har nynorsk som målform.

Arbeidsoppgåver

Leiing av lærings- og utviklingsarbeid
Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
Forvaltning og kvalitetsutvikling
Økonomistyring og resultatkontroll
Samspel med elevar, foreldre og nærmiljø
Tverrfagleg samarbeid om barn og unges oppvekst

Kvalifikasjonar

Pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet
Kunnskap om leiing, økonomi og IKT/teknologi
Vere oppdatert på forsking rundt skuleutvikling og kunne bruke den kunnskapen i praksis
Digital kompetanse
Relevant leiarutdanning og fullført eller påbegynt rektorutdanning.
Om ein ikkje har rektorutdanning, ønskjar arbeidsgjevar at den tilsette tar dette snarast muleg.

Personlege eigenskapar

Er målretta og har erfaring frå utviklingsarbeid
Setter elevanes læring og trivsel i sentrum
Har evne til å motivere og engasjere
Samarbeide godt med leiarteamet, tilsette, elevar, foreldre og andre
Gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg
God relasjons- og samhandlingskompetanse

Vi tilbyr

Lønn etter avtale
Tilsettjing på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
Pensjonsordning i SPK

Søknadsfrist: 31.05.2020
Arbeidsgivar: Fjord kommune
Stad: Eidsdal
Stillingstittel: Rektor Eidsdal skule
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4235565203
Stillingar: 1
Startdato: 01.08.2020
Arbeidsstad Langereiten 23, 6215 Eidsdal

 

Kontaktinformasjon

Charles Tøsse, Kommunalsjef oppvekst og kultur
416 31 801
[email protected]

 

Fjord kommune er tidlegare Norddal og Stordal kommune som slo seg saman 01.01.2020. Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.

 

Del stillingen

Selskap

Fjord kommune

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Eidsvåg I Romsdal
  • Norddal

Søknadsfrist

Mai 31, 2020