– fokus på din neste stilling

 

Psykolog-/spesialist

 

TkVestland, SFO/TOO – avdeling Sør/Stord

Har du lyst til å jobbe med eksponeringsterapi i eit tverrfagleg miljø ? 
Ved TkVestland avdeling Sør er det ledig 20% fast stilling som psykolog/psykologspesialist i tverrfagleg TOO-team. Arbeidsstad er Stord tannklinikk. Stord tannklinikk er ein klinikk med TOO team, 6 tannlegar inkludert spesialist i endodonti og to tannpleiarar. God pasienttilgang og varierte arbeidsoppgåver. Stillinga er ein del av tannhelsetenesta i Vestland sitt spesialisttilbod ved kompetansesenteret. I tillegg til å vere ein del av dei tverrfaglege teamet i Stord vil du jobbe i tett dialog med fagmiljøet ved Senter for Odontofobi på kompetansesenteret. Du inngår i det samla TOO-tilbodet i Vestland.

Søknadsfrist: 11.12.2022
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Stord
Stillingstittel: Psykolog-/spesialist
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 20
Webcruiter-ID: 4583632247

Arbeidsoppgåver

Det er to psykologar tilsett i teamet i Bergen . Alle er tilsett i TOO TkVestland. Psykologen undersøkjer pasienten sine rettar, planlegg behandlingsforløp og deltar aktivt i tverrfagleg behandling med tannhelsepersonell, eller rettleiar ved behov. Vidare har psykologen ein viktig rolle i pasientretta undervisning og kurs for tannhelsepersonell. Mogelegheit til forsking vert gitt etter nærare avtale. Tverrfaglege TOO Team får ta del på nettverkssamlingar og får opplæring og kurs innan fagfeltet.

Kvalifikasjonar

Søkjarar til stillinga må vere psykolog med godkjend norsk autorisasjon.
Søkjar må ha interesse for arbeid med angstlidingar generelt og odontofobi spesielt. Kognitiv åtferdsterapi er den mest brukte metoden i tverrfaglege team. Vidare må søkjar ha erfaring med, eller interesse for arbeid med pasientar med overgreps- eller torturopplevingar.

Alle som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest.

Personlege eigenskapar

Den som blir tilsett må ha gode norskkunnskapar, kunne arbeide sjølvstendig, vere strukturert og ha god gjennomføringsevne.
Ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane bli vektlagde, og vi ser etter ein medarbeidar som bidrar positivt til teamet.

Vi tilbyr

Stillinga blir løna av Vestland fylkeskommune etter kvalifikasjonar
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar 

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.  Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

 

Søk på stillingen her.

 

Stord Tannklinikk, Borggata 5, 5417 Stord, Norge

Kontaktinformasjon

Martha Sørensen
områdeleiar tannhelse
980 12 834

 

Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Martha Sørensen
  • Tittel: Områdeleiar tannhelse
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 980 12 834

Lokasjon

  • Stord

Søknadsfrist

Desember 11, 2022