– fokus på din neste stilling

 

Organist Bremanger kyrkjelege fellesråd

 

Arbeidsgiver: Bremanger Kyrkjelege Fellesråd

Sted: Granden 4, 6723 Svelgen

Stillingstittel: Organist

Søknadsfrist: 22.01.2023

DEN NORSKE KYRKJA

Bremanger kyrkjeleg fellesråd

Ledig stilling som kantor/ organist/kyrkjemusikar

Bremanger ligg i sogn og fjordane i Vestland fylke, ein kystkommune med underkant av 4.000 innbyggjarar. Kommunen har god barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for å drive eit aktivt friluftsliv. Kommunen har eit svært rikt song og musikkliv som vi ønskjer å inkludere i gudstenestelivet.

Bremanger kyrkjeleg fellesråd har ledig 80% stilling frå 01/01-23 som organist/kantor/kyrkjemusikar i Midtgulen, Davik, Ålfoten og Rugsund sokn.

Kommunen har ein aktiv kulturskule. Det kan være mogeleg å kombinere organiststillinga medmindre stilling som lærari musikkundervisninga om ynskeleg, for å oppnå ei heil stilling.

Sentrale arbeidsoppgåver vert:

· Delta i musikkrelatert arbeid som trusopplæring, konfirmantundervisning osv.

· Planlegge og medverke ved gudstenester og kyrkjelege handlingar ved kyrkjene i Midtgulen, Svelgen, Davik, Ålfoten og Rugsund.

· Speling ved andakter på Klokkartunet og Svelgen bu og servicesenter.

For stillinga krevst:

  • Utdanning, jfr. kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kantorar eller tilsvarande.
  • Meistring av ulike musikkformer.
  • God kunnskap til norsk gudstenestetradisjon og liturgi.
  • Kommunikasjon på norsk, muntleg og skriftlig.
  • Må disponere bil og ha gyldig førerkort.
  • Framlegg av politiattest ved tilsetting.
  • Den som blir tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.

Vi tilbyr:

  • Stillinga vert lønna etter gjeldande tariff. Tilsetting skjer etter gjeldande lovverk, reglement.
  • Pensjonsordning gjennom KLP. Hjelp til å finne bustad.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje i Bremanger,

e-post: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no eller tlf. 91706595 eller 41803976.

Her finn du oss på internett: www.bremanger.kommune.no/kyrkjeog www.visitbremanger.no

Skriftleg søknad med rettkjende kopiar av attestar og vitnemål sender ein til Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Rådhuset postboks 104, 6721 Svelgen, innan 22.januar 2022.

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver: Bremanger Kyrkjelege Fellesråd
Adresse: Rådhuset, Granden 4, 6723 Svelgen

Hjemmeside:
https://www.kyrkja.no/bremanger

Del stillingen

Selskap

Bremanger kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Bjarki Hrafnsson
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 917 06 595

Lokasjon

  • Bremanger

Søknadsfrist

Januar 23, 2023