– fokus på din neste stilling

 

Bremanger kyrkjelege fellesråd

OPPSYNSMANN / KYRKJEGARDSARBEIDAR

 

Søknadsfrist: 23.01.2023

Bremanger kyrkjeleg fellesråd har ledig 100 % stilling som Oppsynsmann for kyrkjer og kyrkjegardar/gravplassar, med tiltreding snarast råd. Arbeidsoppgåvene er m.a. vedlikehaldsarbeid ved kyrkjer og kyrkjegardar/gravplassar og ansvar for at desse vert halde i orden. Arbeid med opning og lukking av grav er ein del av dette. Det er eit mål å vedlikehalde kyrkjegardane/ gravplassane slik at dei har ein verdig standard og kan vere ein god stad å kome til. For å nå dette målet, treng vi ein dyktig medarbeidar som kan bruke sin kompetanse på stell og vedlikehald av kyrkjegardane/ gravplassane, og som kan møte dei menneska som kjem dit på ein god måte. Vi ønskjer og ein person med kompetanse til å utføre vedlikehald på kyrkjene.

Tenesteområde for stillinga er heile kommunen. Det er utarbeidd instruks for stillinga.

Bremanger ligg i sogn og fjordane i Vestland fylke, ein kystkommune med underkant av 4.000 innbyggjarar. Kommunen har god barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for å drive eit aktivt friluftsliv.

Stillinga vert lønna etter avtale. Tilsetting skjer etter gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale med 6 månaders prøvetid. Pensjonsordning gjennom KLP.

Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkje og må ha førarkort, helst BE. Det er og ønskjeleg med sertifikat for andre typar maskiner, for eksempel gravemaskin. Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av gjeldande lover og føresegner, med 6 månader gjensidig prøvetid.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje i Bremanger,
e-post: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no eller tlf. 91706595.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål vert å sende:

Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller på e-post
til kyrkjeverje innan 23.10.2022 ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver: Bremanger kyrkjelege fellesråd

Adresse: Rådhuset, Granden 4, 6723 Svelgen

 

Søknadsfrist: 23.01.2023

 

Om stillingen

Antall stillinger: 1

Heltid/deltid: Heltid

 

Kontaktperson for stillingen

Kyrkjeverje i Bremanger
Telefon: 91706595
Epost: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no

 

Del stillingen

Selskap

Bremanger kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Bjarki Hrafnsson
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Bremanger

Søknadsfrist

Januar 23, 2023