Nærings- og utviklingssjef (søknadsfrist 27.04)

Samfunnsutvikling

Vil du vere med og forme framtida til Alver?

Nærings – og utviklingssjef

 

Alver er den største kommunen i ein region med sterke industritradisjonar og eit stort utviklingspotensiale. Vi har store ambisjonar for den nye kommunen, og no søkjer vi ein nærings- og utviklingssjef som får ei sentral rolle i utviklingsarbeidet.

Ansvar og oppgåver

  • ta aktiv del i utvikling av lokalsamfunn og næringsliv
  • leie arbeidet med overordna planar
  • setje i gang prosjekt som støttar politiske mål og ambisjonar
  • følgje opp nasjonal, regional og lokal politikk
  • bidra til tett samarbeid med næringslivet i kommunen og andre sentrale aktørar
  • marknadsføre Alver som ein attraktiv kommune for etablering av nye verksemder og investeringar
  • samarbeide med politisk og administrativ leiing og bidra til samspel på tvers av ulike fagavdelingar

Kompetanse

  • relevant utdanning på høgskule- og universitetsnivå
  • erfaring frå strategisk utviklings- og prosjektarbeid
  • erfaring frå arbeid med næringsutvikling, nettverksbygging og politiske prosessar

Våre forventningar til deg

  • du er strategisk og systematisk – har kommersiell teft og er god til å byggje nettverk
  • du er opptatt av å realisere og gjennomføre planar
  • du forstår kva det vil seie å jobbe i ein politisk styrt organisasjon
  • du er engasjert og god til å formidle (administrasjonsmålet til Alver er nynorsk)

Vi tilbyr

  • ei svært spennande og attraktiv stilling.
  • ein arbeidskvardag i Knarvik/på Frekhaug – eller på farten (jobben inneber ein del reising).
  • løn og oppstart etter avtale
  • fleksibel arbeidstid.
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Trykk på knappen “send søknad”, som fører deg vidare i prosessen. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontaktar du innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast  Heiltid/Deltid: Heiltid  Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 27.04.20

 

Tiltreding: Etter avtale

Arbeidsstad: Knarvik / Frekhaug

 

Heimeside:
www.alver.kommune.no
Adresse: Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

 

Samfunnsutvikling

Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Del stillingen

Selskap

Alver kommune

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Isdalstø

Søknadsfrist

April 27, 2020