– fokus på din neste stilling

Miljøterapeut ved Sande bu-og miljøteneste (søknadsfrist 30.10)

 

Sande bu- og mijøteneste søker

Miljøterapeut

 

Sande Bu- og miljøteneste yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming, og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Tenesta yt og avlastningsteneste til personar i 2 avlastningsleiligheiter. Personalbasane er knytta tett opp til omsorgsbustadene og avlastningsleilighetene til brukarane. Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytta til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi har ledig:

80% fast stilling for miljøterapeut.

Stillinga har for tida 3-delt turnusarbeid som inneheld lange vakter og har arbeid kvar 3. helg.

Krav til søkar:

3-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag (vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller sjukepleiar)
gyldig politiattest
førarkort klasse B
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Vi søker deg som:

har ønske om og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
har evne til å arbeide i team like godt som sjølvstendig
er fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
gode IKT kunnskapar

Vi kan tilby:

engasjerte kollegaer og leiarar
eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
fagleg fokus
varierte og spanande faglege utfordringar
god opplæring
kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
gode pensjons- og forsikringsordningar
Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

 

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Deltid

Arbeidstid: Skift/turnus

 

Søknadsfrist: 30.10.2021

 

Tiltreding: Snarast

Arbeidsstad: Sande i Sunnfjord

 

Kontaktpersonar:

Einingsleiar Håvard Besse Berglund

mob: +47 970 54 128

 

Heimeside:
www:sunnfjord.kommune.no

Sunnfjord kommune Sande bu- og miljøteneste

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

 

Del stillingen

Selskap

Sunnfjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Einingsleiar Anita Sunnarvik
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 950 25 920

Lokasjon

  • Naustdal

Søknadsfrist

September 18, 2021