Leiar Bu- og habilitering (søknadsfrist 26.04)

 

Leiar Bu- og habilitering

 

Formålet med stillinga er å ha det faglege og administrative ansvaret for eininga. Leiar for Bu –og habiliteringstenesta skal arbeide for kontinuerlig forbetring av tenesta, herunder både sikker- og kvalitetsmessig drift i henhold til gjeldande mål, lovverk og rutinar. Leiar er arbeidsgjevars representant og har fullmakt til å utføre oppgåver delegert frå kommunedirektør og kommunalsjef.

Bu- og habiliteringstenesta i Fjord kommune er lokalisert i to einingar med teamleiar på kvart område. I Stordal er bu- og habilitering plassert i same område som sjukeheimen/heimetenesta på Stordalstun med 24 tilsette. I Valldal er bu- og habilitering plassert i same område som sjukeheimen/heimetenesta i Valldal med 18 tilsette. Begge einingane utøvar sitt arbeid på habiliteringssenteret og heime hos enkelte brukarar. Fjord kommune samarbeidar med BYRG kompetanse og Vekst Ørskog med arbeid og aktivisering for personar som fell utanfor det ordinære arbeidsmarkedet.

Leiar har i dag hovudkontor i Valldal, men må forvente å arbeide ved begge einingane. I Stordal er det 3-skiftturnus og i Valldal har ein langturnus.

Fjord kommune har nynorsk som målform

Arbeidsoppgåver

Personalforvaltning
Personalansvar for si eining
Utarbeide turnus/bemanningsplan med teamleiar og tillitsvalde.
Gjennomføre tilsettingar etter fastsett rutine og ekstrahjelp/vikarar etter behov
Oppfølging av sjukefråvær saman med teamleiar.
Delta i uttarbeiding av handlingsplan for auka nærvær med hjelp frå leiarteam.
Praktisere og implementere vedteke personalreglement
Økonomi
Økonomiansvar og avgjerdsmynde innanfor tilvising gitt i budsjett.
Budsjettplanlegging, kontroll og oppfølging av rekneskap.Sette i verk
Sette i verk tiltak og underrette kommunalsjef ved risiko for overskridingar.
Leggje fram budsjett for eininga saman med kommunalsjef.
Samarbeid og kommunikasjon
Bruk av kommunikasjonsstrategi i samsvar med Leiarhandboka for Fjord kommune
Leggje til rette for samarbeid med andre driftseiningar for å gje brukar fagleg forsvarlege tenester, og optimal drift.
Delta aktivt i ulike arbeidsfora
Samarbeid med tillitsvalde, verneombod og andre støttefunksjonar i samsvar med avtaleverk internt og eksternt.
Rutinar, arbeidsreglement og kvalitetssikring
Planleggje, samordne og gjennomføre opplæring i samsvar med interne rutinar.
Ansvare for gode helsefaglege standardar og følgje opp kvalitets-, rapport –og avvikssytem.
Implementere og påverke til at administrative vedtak vert behandla i samsvar med gjeldande lover, føresegner og regelverk.
Registrere og behandle avvik.
Leggje til rette for kontinuerleg forbetring gjennom kvalitetsarbeid internt i eininga, og øvrig organisasjon.

Anna

Samarbeide med Tenestekontoret ved vurdering av tildeling av tenester.

Kvalifikasjonar

Relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning på bachelornivå
Relevant arbeidserfaring fra det fagområdet ein skal leie
Relevant leiarerfaring fra offentlig og/eller privat virksomhet.
Førarkort klasse B og disponere eigen bil.

Andre ønskelege kvalifikasjonar;

Solid forståelse for rammebetingelsane som ein offentleg leiar må halde seg til
God forståelse for leiarrolla i eit politisk-, administrativt- og fagsystem
Relevant etter- og vidareutdanning
God digital kompetanse
God på planlegging og drift
Erfaring fra partssamarbeid

Personlege eigenskapar

• Tydelig og evner å sette retning
• Visjonær og kreativ, men også løysingsorientert og beslutningsdyktig
• Fleksibel og endringsorientert
• Evne til å delegere ansvar og kunne motivere og inspirerer medarbeidarar
• Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
• Gjennomslagskraft og gjennomføringsevne
• Tillitsskapende med høy integritet

Vi tilbyr

Lønn etter avtale

Arbeidsstad Posboks 144, 6210 VALLDAL

 

Kontaktinformasjon

Kjetil Heggem, Kommunalsjef Helse- og Omsorg
418 67 939
[email protected]

 

Fjord kommune er tidlegare Norddal og Stordal kommune som slo seg saman 01.01.2020. Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.

 

Del stillingen

Selskap

Fjord kommune

Kontaktinfo

  • Kjetil Heggem
  • Tittel: Kommunalsjef Helse- og Omsorg
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: 418 67 939

Lokasjon

  • Valldal

Søknadsfrist

April 26, 2020