– fokus på din neste stilling

Vågå kirke – Norske kirker

 

Ledig 100% stilling som KYRKJEVERJE

 

Arbeidsgiver: Vågå Sokn

Sted: Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå

Stillingstittel: Kyrkjeverje/Dagleg leiar

Søknadsfrist: 13.01.2023

Som kyrkjeverje vil du få det daglege ansvaret for fellesrådet si verksemd i Vågå.

Kyrkjeverjen rapporterar til fellesrådets valgte leiar og medlemar som er kyrkjas øvste organ i kommunen/soknet.

Det er fem andre tilsette i fellesrådet: sekretær, klokkar, kyrkjelydspedagog, organist og kyrkjegardsarbeidar. Soknepresten deler kontor og er medrekna i staben, men vi har ikke arbeidsgjevaransvar.

Arbeidsoppgåver

· Dagleg leiar for fellesrådets verksemd i samsvar med vedtekne planar, budsjett, gjeldande lover og forskrifter

· Personalansvar. Leie og motivere dei tilsette

· Utvikle og leie den kyrkjelege aktiviteten i Vågå i samarbeid med tilsette og frivillige

· Ansvar for gravplassforvaltninga

· Overordna ansvar for drift og vedlikehald av kyrkja og kyrkjegarden

· Være saksbehandlar og sekretær for fellesrådet

· Sikre finansiering av drifta og investeringsprogram gjennom aktiv forhandling om økonomiske rammer, og søkje anna finansiering der det er mogleg

· Leie strategi- og utviklingsarbeidet for fellesrådet

· Bidra til å skape gode relasjonar og samhandling med kyrkjelyden

· Representere verksemda utad mot kyrkjelege organ, lokalpolitikarar, administrasjonen i kommunen, media og andre.

· Sikre at verksemda vert drifta i samsvar med lov-og avtaleverk

· Kontakt med og rapportering til offentlege styresmakter

Kvalifikasjonar

• Høgare økonomisk/administrativ utdanning. Særskilt relevant praksis kan kompensere for manglende utdanning

• Relevant leiarerfaring

• Erfaring fra møteleiing, forhandlingar og/eller anna utadretta verksemd

• God kjennskap til kyrkjeleg forvaltning og organisering

• Engasjement for kyrkjas visjon og målsettinger

• Erfaring og gode ferdigheiter i bruk av dataverktøy

Personlege eigenskapar

• Være trygg i rolla som leiar og ha god evne til å ta riktige beslutningar, prioritere, organisere og korrigere når det er nødvendig

• Oppnår tillit og gode relasjonar internt og eksternt

• Gode kommunikasjonsevner både muntleg og skriftleg. Målforma er nynorsk

• Strukturert og ryddig

• Kunne arbeide godt sjølvstendig- og i team med tilsette og frivillige

• At du er personleg skikka og motivert for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr

• Ei variert og utfordrande leiarstilling med mange viktige og varierte oppgåver

• Løn etter avtale

• Pensjonsordning gjennom KLP

• Gode digitale verktøy som gjev god fleksibilitet i ein hektisk arbeidskvardag

• Kollegaforum på regionalt, bispedømme- og landsnivå

• Tilbud om kurs innan aktuelle fagområder

Om stillinga elles

Du må pårekne noko møteverksemd på helg og kveldstid

Vi kan tilby ein triveleg arbeidsplass der dei tilsette arbeider for at både kontor og kyrkje skal vera ein god arena for både kyrkjelyden og dei tilsette. Vi har ljose og trivelege kontor på kommunehuset i Vågå, rett ved Vågåkyrkja

Før tilsetting skal det leggjast fram politiattest (jf. KL.§29) og søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja. Løn og arbeidsvilkår i hht. gjeldande regulativ og KA si tariffavtale forkyrkjeleg tilsette. For stillinga gjeld ei prøvetid på seks månadar.

Nærare opplysningar kan rettast til fellesrådsleiar Erik Lillebråten tlf. 909 71 257.

Søknad med attester og vitnemål sendes til: Vågå kyrkjelege fellesråd, postboks 78, 2684 VÅGÅ eller post.vaga@kyrkja.no.

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver: Vågå Sokn
Adresse: Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
Hjemmeside: https://www.vagakyrkja.com

 

Vågå kommune har vel 3600 innbyggarar der 85% er medlemar i Den norske kyrkja. Soknet har ei kyrkje, Vågåkyrkja, samt eit privateigd kapell. Vågå høyrer til Nord-Gudbrandsdal prosti i Hamar birpedømme.

Opprinneleg var Vågåkyrkja ei stavkyrkje frå perioden 1150-1200, men endra behov for bygdas befolkning førte til at kyrkja vart fullstendig ombygd omkring 1625–1627. Byggmester var den kjende kyrkje- og tårnbyggaren Werner Olsen Skurdal frå Nes på Hedmarken.

Dagens kyrkje vart gjenoppbygd av materialar frå fleire nedrevne stavkyrkjer frå Vågå.

Vågåkyrkja har plass til 250 personar.

 

Del stillingen

Selskap

Vågå sokn

Kategorier

Kontaktinfo

  • Erik Lillebråten
  • Tittel: Fellesrådsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf. 909 71 257

Lokasjon

  • Vågå

Søknadsfrist

Januar 13, 2023