– fokus på din neste stilling

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

 

Kyrkjeverje 50% stilling

 

Hyllestad Sokn (Hyllestad kyrkjelege fellesråd)

Kyrkjeverje er dagleg leiar for soknet si verksemd – øvste administrative leiar.
Hyllestad sokn har god oppslutnad om trusopplæringstiltaka. Størstedelen av aktiviteten er i Hyllestad kyrkje, som i 2012 vart bygd om til ei fleksibel arbeidskyrkje.
Hyllestad sokn har romslege kontor for kyrkjeverje, prest og sekretær i administrasjonsbygget til Hyllestad kommune.

Hyllestad sokn har fylgjande stab: Kyrkjeverje 50%, Sekretær 40%, Kyrkjetenar 40%, Organist 35%, sokneprest 60% og ledig inntil 25% stilling som trusopplærar.
Hyllestad sokn har 3 kyrkjer, eitt gravkapell og 3 gravplassar

Søknadsfrist: 20.01.2023
Arbeidsgivar: Hyllestad Sokn (Hyllestad kyrkjelege fellesråd)
Stad: HYLLESTAD
Stillingstittel: Kyrkjeverje 50% stilling
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 50
Webcruiter-ID: 4598619893

Arbeidsoppgaver

Dagleg leiar for soknet si verksemd – øvste administrative leiar
Ansvar for kyrkjekontor, utstyr, programvare, arkiv
Personalansvar for dei tilsette i soknet
Ansvar for HMT-arbeid
Ansvar for økonomi og langtidsplanlegging, budsjett, tilvising, rekneskap, årsrapport
Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og kyrkjegardar/gravplassar
Ansvar for gravplassforvaltninga i kommunen
Sekretær og sakshandsamar for sokneråd og utval. Saksutgreiing med framlegg til vedtak i så godt som alle saker, delta i møter. Oppfølging av vedtak.
Ha god kontakt med offentlege myndigheiter og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjoner

God økonomi- og IKT-kunnskap
God innsikt, interesse og engasjement for kyrkjeleg verksemd, og kunnskap om Den norske kyrkja som organisasjon.
Medlemskap i Den norske kyrkja.
Universitets-/høgskuleutdanning, gjerne innan økonomi og leiing, Søkjarar utan høgskuleutdanning med relevant praksis vert også vurderte.
Evne til å kunna arbeida målretta og systematisk
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
God kjennskap til offentleg forvaltning
Erfaring som leiar med personalansvar vert vektlagt
Erfaring innan organisasjonsutvikling vert vektlagt
Oppteken av nyskaping, utviklingsarbeid, og god inkludering av friviljuge.

Personlige egenskaper

Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
Lagbyggar som skaper relasjonar – internt og eksternt
Likar å arbeide målretta og systematisk
Vere fleksibel og kunna møta utfordringar
Disponere eigen bil
Politiattest vil bli kravd

Vi tilbyr

Ei interessant og utfordrande stilling
Kollegafellesskap med andre kyrkjeverjer i prostiet og i bispedømet
Løn etter avtale
Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde
Pensjonsordning i KLP
Arbeidsrettleiing og kurs for kyrkjeverjer

 

Søk på stillingen her.

 

Lifjordvegen 7, 6957 HYLLESTAD, Norge

Kontaktinformasjon

Irene Fløde
Kyrkjeverje
99238420

Linda Ølmheim
Soknerådsleiar
97620937

 

Hyllestad er ein kommune i ytre Sogn i Vestland fylke. Kommunen grensar i nord mot Fjaler og i aust mot Høyanger. Sognefjorden dannar grense mot Gulen kommune i sør medan Solund kommune ligg i sørvest.
Reisetida frå Bergen er ca. 3 timar med bil eller båt. Næraste flyplass er Førde lufthamn Bringeland, ca. 90 minutt med bil frå Hyllestad.
Hyllestad kommune har om lag 1280 innbyggjarar. Kommunen har 1 barnehage og 1 skule.
Kommunen har eit rikt kultur og fritidstilbod – sjå Hyllestad kommune si heimeside

 

Del stillingen

Selskap

Hyllestad Sokn

Kategorier

Kontaktinfo

  • Irene Fløde
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 992 38 420
  • Linda Ølmheim
  • Tittel: Soknerådsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 976 20 937

Lokasjon

  • Hyllestad

Søknadsfrist

Januar 20, 2023