– fokus på din neste stilling

 

Kyrkjelydspedagog i Ørskog og Skodje sokn – 100% fast

 

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Vil du jobbe med trusopplæring i Ørskog og Skodje? Desse to sokna tilhøyrar indre (austre) bydel av Ålesund, med kort avstand til Moa og Ålesund sentrum (20-30 min), og ein drøy time frå Molde (inkl. ferje).

Bydelane Ørskog og Skodje har vakker natur med gode forhold for friluftsliv, både sommar og vinter. I begge kyrkjelydane vert det gjennomført mange fine trusopplæringstiltak inkludert konfirmantarbeid, babysong og småbarntreff med høg oppslutning.
Kyrkjelydane ønskjer å styrke satsinga overfor barnefamiliar, barn og unge.

Ørskog sokn har ca 1700 medlemmar. Ørskog kyrkje er ei langskipskyrkje med 600 sitteplassar. Kyrkjelyden har også eit godt og tenleg kyrkjelydshus like ved kyrkja. Skodje sokn har 3800 medlemmar. Skodje kyrkje er ei langskipskyrkje med ytre krossform med om lag 350 sitteplassar.
Denne delen av Ålesund er eit vekstområde med aukande folketal og fleire barnefamiliar etablerer seg her.

Det er eit felles stabsfellesskap mellom sokna med ein sokneprest i kvart sokn, ein diakon/trusopplærar, ein kateket, ein kyrkjetenar og ein kantor.

Kontorstaden for stillinga blir Skodje eller Ørskog.

Det er no ledig fast 100 % stilling som kyrkjelydspedagog i Ørskog og Skodje sokn.

Søknadsfrist: 08.01.2023
Arbeidsgivar: Ålesund kyrkjelege fellesråd
Stad: Ålesund
Stillingstittel: Kyrkjelydspedagog i Ørskog og Skodje sokn – 100% fast
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4594706014

Arbeidsoppgåver

Organisere trusopplæringa for born og unge i samsvar med utarbeide planar og prioriteringar.
Delta i gudstenesteliv, særleg med tilrettelegging for barnefamiliar.
Planlegge og gjennomføre enkelttiltak saman med tilsette og frivillige medarbeidarar.
Følgje opp frivillige medarbeidarar.
Nokre diakonale arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga.

Kvalifikasjonar

Minimum 3-årig høgare utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk.
Relevant erfaring kan til en viss grad erstatte manglande utdanning.
Erfaring frå arbeid med born og unge.
Kan bruke dataverktøy som arbeidsreiskap.
Medlemskap i Den norske kyrkja.

Personlige egenskaper

Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
Evne til å arbeide i team og samarbeide godt med andre.
Evne til å bruke ulike formidlingsformer og vere kreativ.
Trivst i lag med, og har evne til å formidle kristen tru til born og ung

Anna

For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20

Vi tilbyr

For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen. Moglegheit til å drøfte stillingsprosent.

 

Søknadsfrist 8. januar 2023

 

Søk på stillingen her.

 

Tiltredelse etter avtale

 

Kontakt:

Avdelingsleiar kyrkjelyd Hans Roar Aas 943 23 279

Diakon/trusopplærar Asbjørg Oksavik Sve 926 14 767

 

Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund, Norge

Kontaktinformasjon

Hans Roar Aas, Avdelingsleiar Kyrkjelyd
943 23 279

Asbjørg Oksavik Sve, Diakon/trusopplærar
926 14 767

 

Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund 65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.

 

Del stillingen

Selskap

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Hans Roar Aas
  • Tittel: Avdelingsleiar Kyrkjelyd
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 943 23 279
  • Asbjørg Oksavik Sve
  • Tittel: Diakon/trusopplærar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 926 14 767

Lokasjon

  • Skodje
  • Ørskog

Søknadsfrist

Januar 8, 2023