– fokus på din neste stilling

Kommuneplanlegger (søknadsfrist 10.11)

24. Røyråsen (328 moh.) - NISSEDAL KOMMUNE

Kommuneplanleggar 100%

 

Søknadsfrist 10.11.2021

 

Interkommunalt plankontor for Kviteseid og Nissedal, kontorstad Treungen, med Nissedal kommune som vertskommune, har ledig stilling som:

Kommuneplanleggar 100% – fast stilling – Id 716
2. gongs utlysing
 

Ansvarsområde/viktige arbeidsoppgåver:

  • Overordna arealplanlegging, kommuneplanens arealdel og kommunedelplanar.
  • Utarbeide og saksbehandle kommunale reguleringsplanar.
  • Saksbehandle private reguleringsplanar.
  • Vere oppdatert på relevant lovverk, særleg plan- og bygningslova.
  • Anna saksbehandling for administrativt og politisk nivå.
  • Vedlikehald av kommunens digitale planregister og planbase.
  • Bindeledd mellom kommunen og fagmiljø innom arealforvalting på regionalt/statleg nivå.

Kvalifikasjonskrav:

  • Mastergrad innan fagområdet arealplanlegging er ynskjeleg.
  • Alternativt kan minimum 3-årig relevant høgskule- eller universitetsutdanning vere aktuelt.
  • Fagområde som samfunnsvitskap, gis/geodata, naturforvalting og/eller juridiske fag vil også bli vurdert.
  • Solid erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse.
  • God kunnskap og erfaring med bruk av relevante digitale verktøy og hjelpemiddel.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Norskkunnskap på minimum språkprøve nivå B2.

Vi ser etter deg som:

  • Har variert kompetanse innan kommunal arealplanlegging på overordna og detaljnivå.
  • Har kunnskap om relevant lovverk, planutforming og kommunal plansaksbehandling.
  • Har forståing for samspelet mellom politisk og administrativt nivå i planprosessar.
  • Har interesse for, og kunnskap om, lovbruk, analyse og statistikk.
  • Er sjølvstendig og fleksibel og forstår det å byggje nettverk internt og eksternt.
  • Kan jobbe konsentrert og trivst med å planlegge og å skrive saker.

For stillinga

Løn etter Hovudtariffavtala. Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement.
Køyregodtgjering etter statens satsar.
Gode utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsmiljø.
Fokus på kompetanseheving og fagutvikling.
Som tilsett i Nissedal kommune blir du meldt inn i KLP (Kommunal Landspensjonskasse).
Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige

Anna

Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet. Både Kviteseid og Nissedal kommunar nyttar nynorsk som målform.

Offentleggjering

Søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateke for offentligheit. Dersom ønsket ikkje blir innfridd, vil søkaren bli varsla om dette. (Offentleglova § 25).

Kontaktperson

Sveinung Seljås, plansjef, mobil: 41 56 39 95, sveinung.seljas@nissedal.kommune.no

Slik søkjer du

Søknad på elektronisk søknadsskjema

 

Søknadsfrist: 10.11.2021.

 

 

Del stillingen

Selskap

Nissedal kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Jarle Bruun Olsen
  • Tittel: Kommunalsjef økonomi,
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf. 35 04 84 03 / 905 15 115

Lokasjon

  • Nissedal

Søknadsfrist

Juli 8, 2021