– fokus på din neste stilling

Flø – Bilder, aktivitetar, opplevingar og turistinformasjon – Visit Ulstein

 

Kommuneoverlege

 

Helse- og omsorgsetaten

Ulstein kommune søkjer ny kommuneoverlege.
Legetenesta ligg under helse og omsorg, og kommunalsjef for helse og omsorg er næraste overordna for kommuneoverlegen.
Vi har godt samarbeid mellom helse og oppvekst i Ulstein, der heilskapleg innsatstrapp vert satsa på.
Vi har god legedekning/ veldrive privat legesenter med ti fastlegar som er næringsdrivande og to LIS1.
Førsteplass på kommunebarometeret 2022 syner at vi driv godt, og ungdata viser at ungdomane i kommuna trivast.
Det er utarbeida heilt fersk legeplan som ein kan lese her.

Søknadsfrist: 31.01.2023
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetaten
Stad: ULSTEINVIK
Stillingstittel: Kommuneoverlege
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4595660796

Arbeidsoppgåver

Leiar for legetenesta i kommunen med fag, økonomi og personalansvar
Oppgåver som etter lovverket ligg til kommuneoverlegen
Medisinskfagleg rådgjeving
Ansvar for samfunnsmedisinske funksjonar
Overordna ansvar for smittevern
Folkehelse og miljøretta helsevern
Deltaking i kriseleiing
Deltaking i helsefellesskapet
Andre oppgåver kan verte lagt til

Kvalifikasjonar

Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
Leiarkompetanse og erfaring som leiar kan vere nyttig
Spesialistutdanning i samfunnsmedisin vert vektlagt eller ynskje om å starte spesialisering
Allmenmedisinsk erfaring ev. spesialitet i allmenmedisin og anna medisinsk erfaring/utdanning vert og vektlag
Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Gode kommunikasjonsevner
Analytisk og evne til å tenke heilskapleg
Gode samarbeidsevner
Fleksibel og løysingsorientert
Utviklingsorientert og innovativ

Vi tilbyr

Spennande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø.
Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
Høve til vidare fagleg utvikling innan leiing og samfunnsmedisin
Deltaking i etablert nettverk for kommuneoverlegar på Søre Sunnmøre
Lønn etter avtale
Tilrettelegging for spesialisering i samfunnsmedisin
God pensjon- og forsikringsordning i KLP

 

Søk på stillingen her.

 

Ulstein helsestasjon, Reiten 20, 6065 ULSTEINVIK, Norge

Kontaktinformasjon

Marit Botnen, Kommunalsjef helse og omsorg
908 41 932

 

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

 

Del stillingen

Selskap

Ulstein kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Marit Botnen
  • Tittel: Kommunalsjef helse og omsorg
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 908 41 932

Lokasjon

  • Ulsteinvik

Søknadsfrist

Januar 31, 2023