– fokus på din neste stilling

Kommunedirektør (søknadsfrist 10.02)

 

Solund kommune
Kommunedirektør i Solund
Er du den nye kommunedirektøren vår?

Solund kommune er med sine mange øyer og spreidde busetnad eit eige «rike». Vi er ikkje størst i folketal, men skaper likevel store verdiar. Solund har lange tradisjonar på å gjere seg nytte av dei ressursane som havet og kystlandskapet gir. Dette vil også vere viktig for framtida, anten det gjeld næringsgrunnlag eller unike bukvalitetar.

Samfunnet vårt er i utvikling, og kommunen står føre spennande satsingar og store investeringar som skal gjennomførast med det første. Nytt skulebygg m/ bibliotek er på trappene til å bli realisert, og kommunen vil dei komande åra oppleve betydeleg aktivitet i samband med bygging av bru over Ytre Steinsund.

Vi ynskjer at innbyggjarane skal få gode tenester der dei bur, og vi har difor satsa på å tilby eit breitt utval tenester lokalt, m a. har vi eiga legevakt, fysioterapi og psykologteneste. Vi har såleis brei kompetanse på fleire fagfelt i eigen organisasjon,

Vi skal no tilsetje ny kommunedirektør, og ser etter ein leiar som først og fremst har tru på samfunnet vårt, som ser kvalitetane og moglegheiter i ein liten kommuneorganisasjon, og som vil vere med på å leie og utvikle dei kommunale tenestene vidare.

Arbeidsoppgåver vil vere:

Overordna administrativ leiing for Solund kommune
Fylgje opp politiske vedtak og legge til rette for godt samspel og samarbeid mellom administrasjon og politisk leiing
Leie kommunen i arbeidet med å utvikle tenestene vidare til behova for framtida
Ha ein tett dialog med andre lokale samfunnsaktørar som t.d. lokalt næringsliv og frivillige lag/organisasjonar
Ynskjelege kvalifikasjonar:

Evne til å leie ein organisasjon der ein arbeider mot same mål
Kunne motivere og engasjere medarbeidarar og andre samarbeidsaktørarar
Kunne skape tryggleik og byggje ein god og lærande kultur
Leiarerfaring, gjerne frå liknande organisasjonar
Høgare relevant fagkompetanse
God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
Vi trur det er viktig for vår øvste leiar å vere «tett på» både medarbeidarar, tenester og lokalsamfunn, og trur difor det vil vere ei føremon for deg og oss om du bur i kommunen.

Vi tilbyr:

Spennande arbeidsoppgåver som betyr mykje for mange
Eit arbeidsmiljø med mange dyktige medarbeidarar
Løn etter avtale
Hjelp til å finne bustad
Ei aktiv fritid, både innandørs og utandørs
Moglegheit til å leve eit godt liv saman med mange kjekke øybuarar
Ynskjer du meir informasjon om stillinga, må du gjerne kontakte:

Ordførar: Gunn Åmdal Mongstad tlf 951 71 031

Administrasjonssjef/kommunedirektør: Erik Askeland tlf. 975 34 479

Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

 

Skriv ut Tips en venn
Send søknad
Del på:

Fylke:
Vestland
Jobbtype:
Fast

Heiltid/Deltid:
Heiltid

Arbeidstid:
Dag

Søknadsfrist:
10.02.2022

Tiltreding:
Etter avtale

Arbeidsstad:
Hardbakke

Kontaktpersonar:
Erik Askeland

tlf: +47 57 78 62 00

mob: +47 975 34 479

Gunn Åmdal Mongstad

tlf: +47 57 78 62 00

mob: +47 951 71 031

Heimeside:
www.solund.kommune.no
Adresse:
Hardbakke 6924 Hardbakke

+

Leaflet | © OpenStreetMap contributors, © OpenStreetMap UA contributors
Solund kommune
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.

Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. På nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discgolfbane og klatreanlegg. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.

I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule og nyttt idrettshus, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.

Del stillingen

Selskap

Solund kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Se kontaktinformasjon i utlysing.
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Hardbakke

Søknadsfrist

Februar 10, 2022