– fokus på din neste stilling

Kan være et bilde av innsjø, fjell og natur

 

Ledig stilling – Kommunalsjef Samfunn og Plan

Ulvik herad søkjer etter ny kommunalsjef til å leia ei spanande eining.

Stillinga som kommunalsjef samfunn og plan er organisatorisk lagt under kommunedirektøren og er ei 100 % fast stilling.

Søknadsfrist: 1. januar 2023

Det ligg til stillinga å bidra til ei styrking av samhandlinga på tvers av heradet sine einingar og tenestene til innbyggjarane. Stillinga inngår i kommunedirektøren si strategiske leiargruppe.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Leia, koordinera og vidareutvikla eining for samfunn og plan, herunder fagområda veg, VA, bygg, eigedom, kommunal drift, planarbeid, samt brann- og feiarteneste
  • Budsjett og økonomistyring • Personalleiing og organisasjonsutvikling • Delta aktivt i utviklingsarbeidet lokalt og regionalt
  • Rettleia og bistå andre einingar, næringsdrivande og våre innbyggjarar
  • Generell sakshandsaming av både administrative og politiske saker
  • Vera pådrivar i arbeidet med pågåande og komande utviklingsarbeid i heradet

Me søkjer etter ein person som har:

  • Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning, gjerne ingeniør, med leiarkompetanse/-erfaring
  • Relevant erfaring elles, og evne til nytenking og innovasjon
  • Erfaring frå økonomi- og utviklingsarbeid er ei føremon
  • Leiarerfaring frå privat eller offentleg sektor
  • Gode kommunikasjons-, service- og samarbeidsevner
  • Evne til å motivera, leia og utvikla medarbeidarar
  • Personleg interesse og engasjement for stillinga vert tillagt stor vekt

Me kan tilby:

  • Ei spanande leiarstilling med sektorovergripande interesser og med store mogelegheiter for sjølvrealisering og personleg utvikling
  • Løn etter avtale
  • Hjelp til å skaffe bustad, evt hjelp til å skaffe arbeid for partner.

Kontorstad er Ulvik.

Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakta kommunedirektør Thore Hopperstad på tlf 4000 7158 eller epost thore.hopperstad@ulvik.kommune.no.

Søk elektronisk her

Merk søknad med saksnr 22/924

 

Søknadsfrist er 1. januar 2023

 

 

Del stillingen

Selskap

Ulvik herad

Kategorier

Kontaktinfo

  • Tittel: Helse- og omsorgsleiar i Ulvik
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf 400 07 151
  • Tittel: Einingsleiar for Helse og omsorg Eidfjord
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf 951 38 645

Lokasjon

  • Ulvik
  • Eidfjord

Søknadsfrist

Januar 1, 2023