– fokus på din neste stilling

Lærdal kommune Tekniske tenester uteseksjon

 

Ingeniør ved teknisk eining

 

Lærdal kommune har behov for å styrke administrasjon og leiinga av teknisk eining. Me har mange spennande og utfordrande arbeidsoppgåver innanfor drift- og vedlikehald av kommunen sine bygningar og anlegg, og i høve ulike spennande byggeprosjekt.

Teknisk eining har arbeidsoppgåver på tvers av alle tenesteområde i kommunen. I eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø er me ute etter ein strukturert person som likar å arbeide sjølvstendig i god samhandling med andre.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Prosjekt- og byggeleiing ved gjennomføring av ulike prosjekt knytt til kommunen sine bygg og anlegg
  • Planlegging av drift- og vedlikehald av tekniske anlegg og bygningsmasse, her under utarbeiding av ulike planar og driftsrutinar knytt opp mot blant anna internkontrollsystemet
  • Sakshandsaming innanfor eininga

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning som byggingeniør. Anna relevant utdanning kan vurderast
  • Relevant erfaring innan fagområde, og gjerne innan offentleg forvaltning
  • Kjennskap til relevante lover og offentleg forvaltning, samt innkjøp
  • Kompetanse og interesse knytt til digitalisering og GIS løysingar
  • Gode munnleg og skrifteleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevne og serviceinnstilt
  • Målretta, strukturert, og løysningsorientert
  • Me ser etter deg som er positiv, tek initiativ, og som er ein god medspelar i høve arbeidsmiljøet

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med kommunen sitt reglement og tariffavtale.
  • Søkjar må ha førarkort for bil.
  • Målform kommunen nyttar er nynorsk

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 23.01.2023

 

Tiltreding: 01.02.2023

Arbeidsstad: Lærdal

 

Kontaktpersonar:

Harald Stadheim

mob: 975 26 998

 

Heimeside:
https:www.Laerdal.kommune.no
Adresse: Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Lærdal kommune Tekniske tenester uteseksjon

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

 

Del stillingen

Selskap

Lærdal kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Harald Stadheim
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: 97526998

Lokasjon

  • Lærdal

Søknadsfrist

Januar 23, 2023