– fokus på din neste stilling

Ullensvang kommune Legeteneste

Fastlegehjemlar ved Kinsarvik legekotor og Utne legekontor

 

Ynskjer du å jobba som fastlege i Friluftshovudstaden i vakre Hardanger?
Ullensvang kommune har 2 vikariat ved Utne legekontor og 1 fast stilling ved Kinsarvik legekontor ledig!

Følgande er ledig:

1 fastlegehjemmel ved Kinsarvik legekontor
Fastlønn + 15% insentiv. Listelengde 850

2 vikariat som fastlege ved Utne legekontor periode 01.02.23 – 31.08.23.
Fastlønn + 15% insentiv. Listelengde 600. Kan slås i sammen til 1 liste om ønskelig

I kommunen har vi totalt 16 fastlegeheimlar og 3 LIS1 legar fordelt på 4 legekontor. Det er godt samarbeid mellom fastlegane og fleire faglege fora
Kommunen er registrert som utdanningsvirksomhet og det leggast til rette for spesialisering med ALIS-avtale. Vi har sidan hausten 2017 deltatt i ALIS VEST prosjektet.
Inntil 20% av stillingen kan nyttast til kommunale oppgåver.

Som fastlege i kommunen må arbeid ved legevakt påreknast. Her er i dag 17 delt vakt, og fri med løn etter vakt. Ullensvang legevakt er ein av tre legevaktstasjonar i Hardanger og Voss legevaktdistrikt. Legevakta er lokalisert på Odda sjukehus.

Søkjaren må ha:

Norsk autorisasjon som lege
Gjennomført LIS1
Meistre norsk språk skriftleg og munnleg
Ha gode samarbeidsevner
Personleg eigenskap vert vektlagt
Det må leggjast fram politiattest før tilsetting

Kommunen kan tilby:

Høgt fagleg nivå på tenesta
Organisert spesialistutdanning innan allmennmedisin
Eit godt arbeidsmiljø
God barnehagedekning
Hjelp til å skaffe bustad
Gode moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar både sommar og vinter, med Folgefonna- og Hardangervidda nasjonalpark innan kort rekkevidd. Trolltunga, Låtefoss, Folgefonna med Buerbreen og Dronningstien er kjente turistattraksjonar.

 

Søk på stillingane her.

 

Fylke: Vestland

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 31.12.2022

 

Arbeidsstad: Ullensvang kommune

 

Kontaktpersonar:

Therese Kolltveit

mob: +47 915 66 097

 

Heimeside:
ullensvang.kommune.no
Adresse: Opheimsgata 31 5750 Odda

Ullensvang kommune Legeteneste

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Marit Ystanes
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 926 82 815

Lokasjon

  • Odda

Søknadsfrist

Desember 13, 2022