– fokus på din neste stilling

 

Legevikar – sommaren 2022

 

Ynskjer du å arbeidde i eit engasjert team som har hjarte for eldreomsorg?
Vi søker legevikar for sommaren 2022 på sjukeheimane i Rosendal og Husnes
Rosendalstunet er ein moderne sjukeheim som opna i 2018. Det er 60 plassar fordelt på 6 avdelingar. 2 langtidsavdelingar, 2 korttid/rehabiliteringsavdelingar, 2 demensavdelingar der den eine er ei forsterka demensavdeling.
Husnestunet har 45 plassar fordelt på ei korttid/KAD avdeling, ei langtid og ei demensavdeling.
Halsnøytunet har 19 plassar fordelt på ei demensavdeling og ei korttid/langtids-avdeling.

Om stillinga

100 % stilling som sjukeheimslegevikar frå 20.06.22 til 12.08.22.

Arbeidsstad er trinnvis på Rosendalstunet og Husnestunet. Arbeidstida er 37,5 t/veike på dagtid.

Kommunen har i dag 3 sjukeheimslegar og 2 tilsynslegar som også arbeider som fastlegar. Det er eit godt medisinskfagleg miljø og eit godt samarbeid med fastlegane.
Du får ei grundig opplæring som vil sørga for at du føler deg trygg og komfortabel med å jobbe som sjukeheimslege.
Kvinnherad kommune gir SVÆRT GODE BETINGELSER – både for sommarvikarar og annet engasjement. Ta kontakt med oss for nærmare avklaring rundt dette.

Arbeidsoppgåver

– Medisinsk oppfølging av pasientane på sjukeheimen og kommunikasjon med pårørande
– Samarbeid med spesialisthelsetenesta og den kommunale helsa og omsorgstenesta
– Sjukeheimslegen er knytt til eit tverrfagleg team beståande av sjukepleiarar, ergoterapeut og fysioterapeutar

Kvalifikasjonar

· Norsk autorisasjon som lege
· Dersom du har anna morsmål enn norsk må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2. Gjelder ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
· Interesse for eldremedisin og palliasjon
· Erfaring frå eldremedisin eller allmennmedisin er ønskeleg
· Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya, samt har god kunnskap i dokumentasjonsverktøy.
· Du må kunna disponera eigen bil

Personlege eigenskaper

· Fagleg sterk, strukturert og evne til å arbeidde sjølvstendig
· Løysingsorientert og stor arbeidskapasitet
· Gode relasjons- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

· Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø der ein får utvikla seg fagleg
· Variert og sjølvstendig arbeid
· Opplæringsdag med fast sjukeheimslege

Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lovar, reglement og avtaleverk. Lønn etter avtale i forhold til utdanning og praksis.

· Hjelp med bolig
· Løn etter avtale

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Søk på stillingen her.

 

Søknadsfrist  22.05.2022

 

Vår ref4370
Merk søknad

Fakta

Selskap Kvinnherad kommune

Stilling Lege

Stillingstype Fast dagtid

Lokasjon Helse

 

Kontakter

Irina Zimina, Einingsleiar
irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Mobil  488 94 055  Arbeid  488 94 055

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Irina Zimina
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post: irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Mobil 488 94 055 Arbeid 488 94 055

Lokasjon

  • Rosendal
  • Husnes

Søknadsfrist

Desember 26, 2022