– fokus på din neste stilling

 

Fastlege – Rosendal Helsesenter 2. gongs utlysing

 

Fastlegestilling i veldrevet gruppepraksis ved Rosendal helsesenter.

Kvinnherad kommune har vel 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter. Husnes er største tettstaden, har to barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning. For tida har vi 17 fastlegar i kurativ teneste, både med private avtaleheimlar og tilsett i kommunen med fastløn og % andel av pasientinntekter. I tillegg har kommunen ein stilling for LIS1, 3 sjukeheimslegar i totalt 210% stilling og kommuneoverlege i 100 % stilling. Offentlege oppgåver i veiledning og ved helsestasjonar / eldreomsorga ellers er fordelt slik at 6 av legane har 8 – 20 % stilling til offentleg allmennlegeteneste. Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario i SKY journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta.

Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap i legegruppa, god vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt, godt samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste. Vaktordninga er for tida 14-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen.

Kommunen har etablert ein Frisklivsentralen og har tilsett folkehelsekoordinator.

Ledig fastlegeheimel ved Rosendal helsesenter med oppstart 01.03 2023.

Ved Rosendal helsesenter arbeider i dag fem fastlegar + LiS1 i eit kontorfellesskap og organiseringa er eit felles AS for drift og investering. Ein av våre dyktige legar går av med pensjon og vi søkjer spesialistar i allmennmedisin eller legar under spesialisering. Heimelen har eit listetak på 900 pasientar.

Alle sjølvstendig næringsdrivande fastlegar har økonomisk samarbeid og driftsavtale med kommunen. Dette inneber m.a. at kommunen held lokale, tilset og har arbeidsgjevaransvar for hjelpepersonell i forholdstal 1 hjelpepersonell per 1000 listepasientar.

Dersom du kan tenkja deg å prøva deg som fastlege i Kvinnherad, oppmodar vi deg til å søkja/ta kontakt. Det er «goodwill» knytt til heimelen. Kvinnherad kommune er opne for å vurdera den stillinga som fastlønna.

Kvalifikasjonar

· Norsk autorisasjon som lege

· Fullført norsk turnustjeneste/LIS 1 eller tilsvarende erfaring

· Beherskar norsk språk godt skriftleg og muntleg

· For søkjer med anna utdanning enn norsk, krevjast dokumenterte språkkunnskapar tilsvarande B2. Dette gjelder ikkje skandinaviske søkarar.

· Oppfyller kravene for å søke refusjonsrett overfor Helfo

· Det vert lagt vekt på personleg egnethet.

· Det må leggas fram politiattest ved tilsetjing.

Vi søker lege som i tillegg til ovenståande kvalifikasjonar

· Har interesse for allmennmedisin

· Er faglig dyktig, positiv og serviceinnstilt

· Har evne til å arbeide sjølvstendig

· Har evne og interesse for samhandling og tverrfaglig samarbeid

Arbeidsoppgåver

· Utøvende legetjenester som fastlege i følgje lovverk

· Deltaking i kommunal legevakt etter gjeldande avtalar

· Kollegial fraværsdekning

· Det er ikkje tilplikta offentlege oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt

Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta.

Me tilbyr

· Listetak p.t. på 900 pasientar (kan justerast)

· Gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing

· Tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin

· Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø

· Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Søkjar bør ha sertifikat.

 

Kvinnherad kommune hjelper til med å skaffa bustad, og flytting vert betalt etter gjeldande reglar.

 

Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:

Dagleg leiar ved Rosendal helsesenter Trygve Torjusen tlf. 901 84 194 trygve.b.torjusen@kvinnherad.kommune.no

Kommuneoverlege Glenn A. Opland tlf. 977 09 308 glenn.opland@kvinnherad.kommune.no

Einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055 irina.zimina@kvinnherad.kommune.no

 

Søknadsfrist: 26.12.2022

 

Bruk elektronisk søknadsskjema, det finn du under ledige stillingar på Kvinnherad kommune si heimeside: www.kvinnherad.kommune.no

 

Søk på stillinga her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 26.12.2022

 

Kontaktpersonar:

Glenn A. Opland

mob: +47 977 09 308

Irina Zimina

mob: +47 488 94 055

Trygve Torjusen

mob: +47 901 84 19

 

Heimeside:
www.kvinnherad.kommune.no
Adresse: Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kvinnherad kommune Helse
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.

Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.

Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Irina Zimina
  • Tittel: Einingsleiar
  • E-Post: irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Mobil 488 94 055 Arbeid 488 94 055

Lokasjon

  • Rosendal

Søknadsfrist

Januar 14, 2022