– fokus på din neste stilling

 

Kvinnherad kommune Bygg og eigedom

Driftsoperatør bygg 100% fast

 

Omtale av stillinga

Eining for Bygg og vedlikehald i Kvinnherad kommune søkjar etter Driftsoperatør med fagbrev innan Byggdrifter faget. Fagbrev innan andre relevante fagområde, eller anna relevant praksis kan bli vurdert som aktuelle kandidatar.

Stillinga omfattar dagleg drift og vedlikehald av Kvinnherad kommune sine kommunale bygg og eigedom.

Vi har eit godt arbeidsmiljø og stabile arbeidstakarar. Du vil få spanande og varierte arbeidsoppgåver som vil bli løyst både gjennom sjølvstendig arbeid og i samhandling med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med avtaler og lovverk.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring får du gjennom KLP. Løn etter tariff.’
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Det er viktig at du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og at du samstundes kan arbeida sjølvstendig og systematisk.
  • Gode datakunnskapar er ynskjeleg, samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Du må ha førarkort på bil.
  • Relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt i tillegg til fagkompetanse.

Kvinnherad kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk. Godkjende vitnemål og attester kan ein med på eit eventuelt intervju. Der vil ein også bli bedt om å oppgjæv referansar.

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort, så må du grunngje dette jmf. Offentleglova § 25.

Innsendte vitnemål og attestar vert ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Tilsetjing skjer på dei til ei kvar tid gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar. Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring. Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

Søk på stillingen her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 01.01.2023

 

Tiltreding: 01.02.2023

Arbeidsstad: HUSNES

 

Kontaktpersonar:

Knut Bjørgvik

mob: +47 48869466

 

Heimeside:
www.kvinnherad.kommune.no
Adresse: Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kvinnherad kommune Bygg og eigedom

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.

Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.

Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Knut Bjørgvik
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 488 69 466

Lokasjon

  • Rosendal

Søknadsfrist

Januar 1, 2023