– fokus på din neste stilling

Spennande stilling ledig i Teknisk drift

Driftskoordinator

 

Om veg og park Sunnfjord Kommune

Tenesta har i dag 13 medarbeidarar i tillegg til fagkoordinator, og inngår i eininga Teknisk drift som til saman har 32 tilsette. Teknisk drift driftar i overkant av 32 mil veg, og har ansvar for drift og vedlikehald av alle parkareal og kommunale veglys i kommunen. Stillinga inngår i Sunnfjord kommune si tekniske driftsavdeling, og skal ha driftsansvaret for fagfeltet veg, park og veglys.

Vi har følgande stilling ledig:

100 % fast stilling som driftskoordinator

Arbeidsoppgåver er m.a.:

  • arbeidsoppgåver innanfor Veg og Park i eininga Teknisk drift. I dette inngår dagleg planlegging, organisering, ressursstyring, HMS og internkontroll.
  • sikre effektiv drift og vedlikehald til innbyggarane sitt beste innanfor pålagde rammer
  • medverke til kompetanse- og kvalitetsutvikling slik at drifta betrast
  • initiere og fremje nye og innovative løysingar gjennom digitalisering og systematisering
  • rapporterering
  • inngå i teknisk vakt / vintervedlikehald

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • teknisk fagskule kommunalteknikk og/eller tilsvarande fagområder
  • fagbrev innan vegdrift/bygg og anlegg
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • god IKT- kompetanse
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • sertifikat minimum kl B/BE/C (person- varebil- lastebil)
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. Vi ser etter deg som har fagkompetanse og erfaring innanfor fagområdet. Det er ein stor fordel om du har erfaring med å leie andre.

Personlege eigenskapar

  • løysingsorientert, med evne til å skape tillit
  • du har evne til å arbeide sjølvstendig og ansvarsfylt
  • du er utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig
  • du er engasjert og har evne til å motivere andre
  • du har gode samarbeidsevne og kan jobbe tverrfagleg
  • du har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • du er serviceinnstilt
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr:

  • eit godt fagmiljø
  • fokus på et godt arbeidsmiljø
  • lønn i forhold til gjeldende avtaleverk, tariffesta og gode pensjons- og forsikringsordningar

Du søker elektronisk.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

 

Søknadsfrist: 31.01.2023

 

Tiltreding: Snarast

 

Kontaktpersonar:

Einingsleiar Leif Halvor Kårstad

mob: +47 959 80 989

 

Heimeside:
/www.sunnfjord.kommune.no/

 

Sunnfjord kommune Teknisk drift

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

 

Del stillingen

Selskap

Sunnfjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Renate Kvalstad
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57 81 62 01 mob: +47 952 47 301

Lokasjon

  • Naustdal

Søknadsfrist

August 27, 2022