– fokus på din neste stilling

Drifsoperatør / maskinkøyrar VA (søknadsfrist 31.10)

 

Kvinnherad muncipality | GoNorway - Travel Guide to Norway

Kvinnherad kommune har 13.200 innbyggjarar og eit flatemål på 1.137 km2.
Kvinnherad ligg ved Hardangerfjorden, der innbyggjarane har kort veg til fjord og fjell.

Eining for Vatn og Avløp (15 tilsette) har ansvar for forvaltning og drift på kommunaltekniske anlegg.

 

Driftsoperatør/maskinkøyrar VA 100%

 

Vi søkjer

Eining for Vatn og Avløp søkjer etter Driftsoperatør som vil få arbeidsplass innafor ansvarsområda drikkevassforsyning og avløpsanlegg. Stillinga vil vera tilknytt Husnes driftsbase og inngår i eit team på 15 tilsette.

Omtale av stillinga

Stillinga er i hovudsak maskinkøyrar men må og delta på andre driftsoppgåver etter behov innen vatn og avløp.

Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett vil i hovudsak få oppgåver i samband med graving og røyrlegging på kommunale leidningsanlegg, men andre driftsoppgåver vil også liggja til stillinga. Eininga har i dag 2 gravemaskinar (3,5 og 8 tonn) og 1 stor traktor. Stillinga inngår i vaktordninga.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer erfaren maskinkøyrar med nødvendige sertifikat. Det er ynskjeleg med erfaring frå VA-sektoren og at søkjar har ADK-1 sertifikat. Men har ein anna kompetanse med relevant erfaring, kan dette kompensera for manglande VA-erfaring. Vedkomande må ha sertifikat for bil klasse B.

Personlege eigenskaper

  • For stillinga er det viktig å ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevne, være systematisk og ansvarsbevist.
  • Kunna jobba sjølvstendig og ha grunnlegganda datakunnskapar. Den som vert tilsett må kunna beherska norsk skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tilsetting. Det er ynskjeleg at søkjar oppgjer referansar som evt. kan kontaktast. For stillingane gjeld vanlige kommunale tilsetjingsvilkår i overensstemmelse med gjeldande retningsliner.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Du vil få spennande oppgåver som vert løyst i samhandling med
    dyktige kollegaer i eit tverrfagleg og sosialt kompetansemiljø. Løn etter tariff.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

 

Søknadsfrist 31.10.20

 

Vår ref 3882
Merk søknad

Fakta

Selskap Kvinnherad kommune
Stillingstype Fast dagtid
Lokasjon Vatn og avløp

 

Kontakter

Egil Eide, Driftsingeniør VVA
egil.eide@kvinnherad.kommune.no
Mobil  993 56 126

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Rosendal

Søknadsfrist

Oktober 28, 2020