– fokus på din neste stilling

Diakon/ Diakonimedarbeidar inntil 100 % fast stilling

 

Arbeidsgiver: Kvinnherad Kyrkjelege Fellesråd

Sted: Klubbavikjo 9, 5451 Valen

Stillingstittel: Diakon

Søknadsfrist: 20.01.2023

Kvinnherad kyrkjelege fellesråd søkjer diakon/diakonmedarbeidar i inntil 100% stilling.

Fellesrådet består av 9 sokn og i kommunen bur det om lag 13 000 innbyggjarar. Det er 12 kyrkjer med ulikt aktivitetsnivå. Kommunen er samansett av fleire bygder kor Rosendal og Husnes har dei fleste offentlege tenestene.

Kvinnherad har ein allsidig arbeidsmarknad. Her er allsidig industri med Hydro Husnes som den største aktøren, landbruk og maritime næringar. I tillegg til dei kommunale tenestane ligg også Valen sjukehus i kommunen. Dette er eit psykiatrisk sjukehus som er ein del av Helse Fonna.

Kyrkja i Kvinnherad vil vera ei levande kyrkje. I den samanheng vil diakoniteneste vera ei viktig oppgåve. Vi vonar ein i alle fasar av livet kan nyta godt av diakonitenesta i kyrkja. Den som vert tilsett vert ein del av ein stab som mellom anna består av 4 prestar, 4 organistar, 2 trusopplærarar og kyrkjelydssekretær i tillegg til merkantile og praktiske stillingar. Til saman er vi om lag 14 årsverk.

Kyrkjekontoret ligg på Valen ved sida av Valen kyrkje. Det er og eit kontor som kan nyttast i rådhuset i Rosendal.

Arbeidsoppgåver:

Diakonen vil ha heile kommunen som sitt arbeidsområde. Fellesrådet ynskjer at den som blir tilsett i si utøving av tenesta skal nytta sine eigenskapar på best muleg måte. Saman med arbeidsgjevar ynskjer ein difor at diakonen sjølv vert med på å utforme tenesta. Likevel er det nokon oppgåver som vil liggja til grunn i arbeidet.

Dette er mellom anna:

Utføra diakonteneste i samsvar med tenesteordning for diakonar i Den norske kyrkje.
Leia og utvikla det diakonale arbeidet i fellesrådsområdet.
Organisere kyrkja si besøksteneste og samtalegrupper.
Deltaking i gudstenester og andre kyrkjelege arrangement.
Ressurs for sokneråda for diakonalt planarbeid.

Kvalifikasjonar:

Vi ynskjer primært ein diakon med godkjent diakoniutdanning. Anna utdanning og erfaring kan kompensere for manglande diakonutdanning.
God skriftleg og munnleg norsk-kompetanse.
Det er viktig at den som vert tilsett har gode personlege eigenskapar som høver til stillinga.
Det er ynskjeleg med vigsla diakon dersom ein oppfyller dei formelle krava til vigsling.
Søkjar må væra medlem av Den norske kyrkja. Ein må og leggja fram politiattest for denne type teneste.

Vi tilbyr:

Den som vert tilsett får arbeide i ein flott vestlandskommune med mykje natur, både fjord, fjell og fonn.
Kontorfellesskap med andre tilsette i kyrkja.
Løns og pensjonsordning etter gjeldande avtalar.
Fleksibel arbeidstid
Søknad vert sendt på e-post til: post.kyrkja@kvinnhead.kommune.no

 

Søknadsfrist 20.01.2023

 

Kontaktinformasjon:

Har du spørsmål til stillinga kan du kontakte:

Kyrkjeverje Torstein Aarthun, tlf 95124964 (torstein.aarthun@kvinnherad.kommune.no)

 

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver: Kvinnherad Kyrkjelege Fellesråd
Adresse: Klubbavikjo 9, 5451 Valen
Hjemmeside:
https://www.kyrkja.kvinnherad.no

 

Kvinnherad kyrkjelege fellesråd består av 9 sokn og i kommunen bur det om lag 13 000 innbyggjarar. Det er 12 kyrkjer med ulikt aktivitetsnivå.

Kyrkjekontoret ligg på Valen ved sida av Valen kyrkje.

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Torstein Aarthun
  • Tittel: Kyrkjeverje / Dagleg leiar
  • E-Post: torstein.aarthun@kvinnherad.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 951 24 964

Lokasjon

  • Rosendal
  • Husnes

Søknadsfrist

Januar 20, 2023