Byggesakshandsaming og GIS/Kart (søknadsfrist 16.02)

100 % FAST STILLING MED HOVUDOPPGÅVER INNAN GIS/KART OG BYGGESAKSHANDSAMING

 

Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Kvar sommar lokkar Eikerapen Roots Festival og sommaraktivitetar på Minne Kultursenter mange tilreisande til bygda. I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partnar.

Vi legg vekt på å vere ein fleksibel organisasjon, og stillinga vil og kunne tilleggast andre arbeidsoppgåver innan eininga og tilpassast søkjar sin kompetanse.

 

NÅ HAR DU MOGLEGHEITA TIL Å BLI EIN DEL AV VÅRT GODE ARBEIDSMILJØ. ÅSERAL KOMMUNE HAR LEDIG EI  100% -STILLING MED HOVUDOPPGÅVER INNAN GIS/KART OG BYGGESAKSHANDSAMING.

 

KVALIFIKASJONAR:

  • Utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, fortrinnsvis GIS, byggtekniske fag eller planfag.
  • Ha god innsikt i og/eller kjennskap til plan- og bygningsloven samt anna lovverk innan arbeidsområdet
  • Ha god kunnskap om IKT og vere interessert i vidare utvikling.
  • Evne til å kombinere fagleg kunnskap med heilskapleg tenking
  • Handtere nynorsk som skriftleg målføre

HOVUDARBEIDSOPPGÅVER:

  • GIS, kart
  • Handsaming av saker etter plan- og bygningslova
  • Tilsyn i byggesaker
  • Generell rettleiing til innbyggjarar og ansvarlege føretak

 Andre arbeidsoppgåver må påreknast.

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

Vi søkjer ein medarbeidar som er sjølvstendig, utadvent, beslutningsdyktig og har gode samarbeidsevner. Vi er opptekne av profesjonell kundebehandling og god kommunikasjon med publikum. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

VI KAN TILBY:

  • Eit godt arbeidsmiljø med stor aktivitet
  • Ei interessant og krevjande stilling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale og god pensjonsordning

I stillinga må det påreknast reiseverksemd. Det er difor ein føresetnad at den som vert tilsett har førarkort kl. B og disponerer bil.

TILSETTING

Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglar og avtaleverk.

 
KONTAKTPERSONAR

Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar Hilde Stuestøl Berg, tlf: 382 85 800 eller 950 56 310,

[email protected]

 

 
SØKNAD

Søknad og CV kan du berre sende ved å bruke elektronisk søknadsskjema.

Opplysningar om søkjar kan bli gjort offentlege sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli oppført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.

 

Søknadsfrist: 16.02.2020

 
 
SØK HER!

Del stillingen

Selskap

Åseral kommune

Kontaktinfo

  • Hilde Stuestøl Berg
  • Tittel: Einingsleiar
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: tlf: 382 85 800 eller 950 56 310,

Lokasjon

  • Åseral

Søknadsfrist

Februar 16, 2020