– fokus på din neste stilling

Brakanes barne- og ungdomsskule: Lærarar, fagarbeidar / assistent og konsulent SFO (søknadsfrist 14.11)

 

Fleire ledige stillingar ved Brakanes barne- og ungdomsskule- lærarar, fagarbeidar/assistent og konsulent

 

Brakanes skule er ein 1 – 10 skule, med 123 elevar.

Skulen legg vekt på god klasseleiing/læringsleiing og klassemiljøarbeid. Skulen er ein trivselsleiar-skule, og me har 30 min. fysisk aktivitet for alle elevar – kvar dag! Det digitale har me arbeidd mykje med dei siste åra.

Søknadsfrist for desse stillingane er 15.11.2021 

Framover skal me ha auka fokus på lesing, både på digitale flater og i bøker.

Me skal innføra eit dynamisk kartleggingsprogram som heiter Leselos. På uteleikeplassen vår har me fått ny ballbinge og ny aktivitetsløype.

Me har eit tett samarbeid mellom skule, kulturskule og SFO.

Lærarstillingar

På Brakanes skule har me ledig 3 lærarstillingar i inntil 100 % frå 01.01.2022 og  ut skuleåret (20.06.2022). 2 av stillingane er vikariat i inntil 100 %, medan 1 stilling er eit engasjement i inntil 100 %.

Me ynskjer ein røynd kontaktlærar til ein av klassane på småtrinnet. Me har elles bruk for lærarar med brei undervisningskompetanse. Det er viktig med god relasjonskompetanse og at du er ein trygg klasseleiar. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.

Løn og arbeidstid følgjer sentrale avtalar. Bruk referanse 21/564 når du søkjer på lærarstillingane.

Fagarbeidar/assistent

Det er ledig eit 89 % engasjement som fagarbeidar/assistent i perioden 01.01.2022 til 20.06.2022. Arbeid på alle trinn er aktuelt, i tillegg til arbeid på SFO. Stillinga følgjer skuleruta. Bruk referanse 21/565 når du søkjer på stillinga.

Vikarar

Me har behov for kvalifiserte og røynde vikarar til kortare eller lengre oppdrag, både som lærar og assistent. Bruk referanse 21/566 dersom du søkjer som tilfeldig vikar.

Konsulentstilling skule/SFO, 80 – 100 % fast stilling

Konsulenten vår har søkt nye utfordringar i annan kommune, og me søkjer hennar etterfølgjar.

Me søkjer ein person med utdanning som fagarbeidar innan kontor og administrasjon eller tilsvarande utdanning på høgskulenivå. Stillinga skal ivareta ulike administrative og praktiske støttefunksjonar i skule og SFO.

Arbeidsoppgåver som er lagt til stillinga er mellom anna:

  • Administrativt ansvar for SFO, m.a. søknadsprosess og tildeling av plassar på SFO
  • Ansvar for skuleskyss
  • Vedlikehald av digitale elevmapper, samt elevmapper i papirarkiv
  • Vera superbrukar i Visma Flyt skule, Websak Fokus og andre administrative program som skulen/heradet nyttar
  • Koordinering av GDPR-arbeidet
  • Organisering og tilrettelegging av møteverksemd
  • Dagleg førefallande kontorarbeid og telefonteneste
  • Oppgåver etter avtale med rektor

Du må vera sjølvstendig, fleksibel i høve til arbeidsoppgåver og ha pågangsmot og godt humør i ein hektisk kvardag. Digital kompetanse er viktig for stillinga. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.

Lønn som konsulent/spesialkonsulent, etter kompetanse. Bruk referanse 21/554 når du søkjer på stillinga.

Søknadsfrist for alle stillingane er 15.11.2021

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing snarast råd.

Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden.
Gyldig politiattest må leggjast fram før arbeidsstart.

 

 

Del stillingen

Selskap

Ulvik herad

Kategorier

Kontaktinfo

  • Rigmor Hanssen
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 400 07 153

Lokasjon

  • Ulvik

Søknadsfrist

Mars 15, 2021