– fokus på din neste stilling

 

Avdelingsleiar kommunalteknikk

 

Teknisk, eigedom og landbruk

I samband med ny administrativ organisering søkjer vi leiar for den nyoppretta avdelinga kommunalteknikk. Stillinga er ny og ligg til tenesteområdet Teknisk drift og eigedom i kommunalområdet Teknisk, eigedom og landbruk. Tenesteleiar vert næraste overordna. Tenesteområdet inneheld veg-, vatn og avløp (VVA), park og kyrkjegardane i kommunen.

Søknadsfrist: 22.12.2022
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Stad: Ørsta
Stillingstittel: Avdelingsleiar kommunalteknikk
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4591451626

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåve og mynde vil verte nærare definert i delegering frå tenesteleiar og i samsvar med ” Leiarnivå” for Ørsta kommune.

Vi tilbyr ei spanande og utfordrande stilling, med ansvar og mynde. Du er oppteken av at vi skal levere tenester av god kvalitet innanfor vedtekne budsjettrammer. Dette løyser du på ein måte som gjer at våre tilsette opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Som avdelingsleiar vil du ha det daglege fag- og personalansvaret for di avdeling, medan budsjett og overordna personal- og økonomiansvar er lagt til tenesteleiaren.

Som avdelingsleiar evnar du å leie eit område som stadig er i endring. Du er ein samlande, inkluderande og samhandlande leiar med gjennomføringskraft.

Kommunen nyttar medarbeidarundersøkinga 10-FAKTOR som eit sentralt verktøy.

Vi ønskjer at du:

  • er ein sterk og tydeleg leiar som evnar å gjennomføre endringar med fokus på god tenestekvalitet til innbyggjarane gjennom samla innsats
  • skaper engasjement, er løysingsorientert og fleksibel
  • medverkar til eit godt partssamarbeid, spesielt gjennom arbeidet i GNEIST-gruppa
  • har høg arbeidskapasitet, evnar å arbeide sjølvstendig og å prioritere
  • har god formidlingsevne, også når problemstillingane er komplekse

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha relevant utdanning innan relevante fagområde og vidareutdanning innan leiing. Ved manglande formell utdanning i leiing vil relevant erfaring kunne kompensere for dette kravet, men det vil bli sett krav om dette innan ein 3- års periode etter tilsetting.
  • Kunnskap om relevant lovverk og forskrifter knytt til tenesteområdet sine ansvarsområde
  • Kunnskap om budsjett og kostnadsstyring
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner, samt relevant digital kompetanse
  • Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil saman med referanser bli vektlagt i ei heilskapsvurdering

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Eit godt arbeidsmiljø med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling med formål å gje ein bedre og meir effektiv tenesteproduksjon
  • Deltaking i interne leiarutviklingsprosessar
  • Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, røynsle frå tilsvarande arbeid og personlege eigenskapar
Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju
Tilsetting i samsvar med gjeldande forskrift, lov og avtaleverk. Prøvetid 6 mnd, der fråvær går til fråtrekk.

Dokumentasjon

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Om offentleg søkjarliste:

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

 

Søk på stillingen her.

 

Dalevegen 6, 6150 Ørsta, Norge

Kontaktinformasjon

Ulf Kristian Rognstad, Tenesteleiar
951 55 275
ulf.kristian.rognstad@orsta.kommune.no

Ivar Otto Kristiansen, kommunalsjef
481 91 348
ivar.otto.kristiansen@orsta.kommune.no

 

Ørsta kommune er med om lag 10 800 innbyggjarar den 5. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Del stillingen

Selskap

Ørsta kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Bjørn Ødegaard Osdal
  • Tittel: Konstituert seksjonsleiar skule
  • E-Post: bjorn.odegaard.osdal@orsta.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 411 28 342

Lokasjon

  • Ørsta

Søknadsfrist

November 10, 2021