– fokus på din neste stilling

 

Avdelingsleiar for studiespesialiserande

 

Sotra vidaregåande skule

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Sund med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.

Sotra vgs. skal i framtida lokaliserast i eitt nytt bygg på Straume.

Skulen legg vekt på å være nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Vi er stolt av kompetansen vi har i faga og formidlar fagleg kunnskap som inspirerer elevane til å utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Skulen legg vekt på at kvar og ein skal finne seg godt til rette i eit trygt og triveleg skulemiljø. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.

Søknadsfrist: 08.01.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Straume
Stillingstittel: Avdelingsleiar for studiespesialiserande
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4597038103

Arbeidsoppgåver

Leiing av ein avdeling med lærarar per nå hovudsakleg innanfor realfag.
Personalansvar, m. vikarhandtering.
Arbeid med timeplanlegging, eksamenstrekk og anna skuleårsplanlegging i det skuleadministrative systemet Visma InSchool.
Budsjettansvar for avdelinga.
Pedagogisk og fagleg utvikling av avdelinga.
Bidra til eit utviklande profesjonsfagleg fellesskap.
Vere ein del av skulen sin leiargruppe.
Tett samarbeid med andre avdelingsleiarar.
Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.

Kvalifikasjonar

Undervisningskompetanse i eit eller fleire fag som skulen tilbyr.
Rektorstudiet eller masterstudie i utdanningsleiing vil være eit føremon.
Leiarerfaring er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Kunne vise til resultat i tidlegare stilling.

Personlege eigenskapar

Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig.
Du er fleksibel og har omstillingsevne.
Du har gode samarbeidsevner.
Du har høg motivasjon og handlekraft.
Å vere egna for arbeid som leiar i skulen vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

Løn etter avtale og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling.
Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søk på stillingen her.

 

Branndalsmyra 61, 5353 Straume, Norge

Kontaktinformasjon

Olav Lee
avdelingsleiar
93034370

Erik Henneli
ass. rektor
95826077

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Siv Solheim
  • Tittel: Admininstrativ leiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 951,74 159
  • Hege Aarethun
  • Tittel: Administrasjonsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 995 09 287

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

Januar 8, 2023