Assisterande rådmann – fast 100 % stilling (søknadsfrist 07.12)

 

Me søkjer etter

Assisterande rådmann – fast 100 % stilling

 

Kort om stillinga

Modalen kommune skal tilsetje ny assisterande rådmann. Du vert ein sentral del av rådmannen si strategiske toppleiing med stort handlingsrom. Ass. rådmann fungerer som rådmannen sin stedfortredar.

Om arbeidsstaden

Stillinga er lokalisert til sentraladministrasjonen kor me i desse dagar flyttar inn i nytt og moderne kommunehus.

Arbeidsoppgåver og ansvar

Overordna personalansvar for alle tilsette i kommunen. Dette inneber m.a. råd og oppfølging av leiarane i personalsaker, inkl. ein del sakshandsaming.
Personalpolitikk, HMT, kompetanseutvikling, rekruttering.
Samarbeid med tillitsvalde, vernetenesta og bedriftshelsetenesta.
Hovudansvar for å sikre at kommunen har velfungerande internkontroll og kvalitetsutviklingssystem.
Ansvar for oppfølging av oppvekstnettverk, inkl. barnevern og den kommunale NAV-tenesta (NAV Fensfjorden).
Initiere og skrive saker til politisk handsaming, samt følge opp desse.
Særleg ansvar for kommunal planstrategi, samt følgje opp arbeidet knytt til denne.
Ansvar for kommunen sitt arbeid knytt til næringsutvikling.
Fungerer som kommunalsjef for sektoren helse og omsorg i eksterne fora som t.d. interkommunalt samarbeid.
Det er ei forventning at du er utviklingsorientert, finn moglegheiter og har blikk for endring. Du er rådmannen sin næraste sparringspartnar, ein pådrivar og ei drivande kraft i rådmannen si leiargruppe.
Øvrige oppgåver som vert gjevne av rådmannen og som høyrer til leiing og drift av kommunen.

Kompetansekrav

Relevant utdanning frå universitet/høgskule på min. bachelornivå. Aktuelle retningar kan vere leiing, innovasjon, økonomi og adminstrasjon m.m.
Erfaring med leiing i offentleg verksemd.
God IKT-kompetanse
God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Må meistre nynorsk som skriftspråk.
Sertifikat kl. B, må disponere eigen bil.

Våre ynskje om deg

Evne til å stå i krevjande situasjonar, handtere høgt arbeidspress.
Evne til å byggje relasjonar, støtte og motivere leiarar og andre kollegaer.
Høg grad av gjennomføringsevne og beslutningsevne.
Særs gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Evne til å stå i krysspress og samstundes vere ein ressurs for andre. Du roer ned medan andre fyk opp.
Du er proaktiv og ofte eit steg framom situasjonen.
Du arbeider godt sjølvstendig, leier deg sjølv på effektivt vis og er ein medviten rollemodell.
Høg grad av integritet – når det bles godt står du støtt.
Du har tolmod, er reflektert, raus og inviterande. Klokskap er eit ideal.

Me kan tilby

Ei fast 100 % stilling i ein veldrifta utviklingsorientert liten kommune.
Eit særs godt arbeids- og utviklingsmiljø.
Store moglegheiter for personleg utvikling og fagleg kompetanseutvikling.
Ei stor spennvidde av mangfaldige arbeidsoppgåver.
Ein veldig god pensjonsavtale i KLP.
Hjelp til å skaffe bustad dersom du ynskjer å prøvebu / flytte til Modalen.
Moglegheit for heimekontor etter avtale med rådmannen.
Løn etter avtale, samt tariffavtale.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 07.12.2021

 

Tiltreding: 01.03.2022

Arbeidsstad: Mo nærings- og tenestesenter

 

Kontaktpersonar:

Jo Bjarte Nordanger Tømmerbakke

tlf: 56 59 90 03  mob: 47462610

 

Heimeside:
www.modalen.kommune.no/
Adresse: Mo 3 5729 Modalen

 

Vil du trivast i ein liten kommune med oversiktlege forhold? Då er Modalen plassen for deg. Her vil du koma tett på den enkelte innbyggjar og saman med oss kunna nyta det gode livet på landsbygda. Samstundes er ikkje byen langt borte, berre ein time køyring til Bergen. Modalen er ein liten kommune med stor kraft. Dersom dykk er 2 eller fleire som vurderer å flytte til Modalen vil me oppmode om å ta kontakt med vår samarbeidspartnar Uni Micro AS for evt. ledige stillingar. Besøk verksemda på www.unimicro.no

 

 

Del stillingen

Selskap

Modalen kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Jo Bjarte Nordanger Tømmerbakke
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: 56 59 90 03 mob: 474 62 610

Lokasjon

  • Modalen

Søknadsfrist

Desember 7, 2021