– fokus på din neste stilling

Nyhende, Ullensvang vest | Tilrår framleis samla skule på Hauso med fritt skuleval

 

100% rektorstilling ved Hauso barne- og ungdomsskole

 

Ledig rektorstilling ved Hauso barne -og ungdomsskule frå 01.04.23

Stillingsstorleik 100 %,

Hauso barne -og ungdomsskule er ein fådelt kombinert barne – og ungdomsskule med 74 elevar, 18 tilsette (lærarar, fagarbeidarar, merkantil og inspektør), SFO og basseng. Skulen har flott utsikt mot fjord og fjell, og ligg midt mellom frukthagane i Hardanger. Satsingsområdet er inkluderande skulemiljø, og skulen har vore ein del av UDIR og Statsforvaltaren sitt utviklingsprosjekt IBS. For å utvikla eit godt lærings- og sosialt miljø vert “Zippys venner”, “Mitt Val” nytta, samt skulen sine verdiar. Det er faste arrangement gjennom året for å utvikla gode sosiale relasjonar. Skulen har eit svært kompetent og stabilt personale eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar for stillinga:

Har pedagogisk utdanning samt erfaring frå grunnskulen
Er utviklings – og resultatorientert
Har evna til å skape eit godt arbeids – og læringsmiljø, og er relasjonssterk.
Det er ynskjeleg med leiarutdanning

Lønnsvilkår:

Etter avtale
Ullensvang kommune kan tilby:
Spennande arbeidsoppgåver og utviklingsmoglegheter
Gode pensjons – og forsikringsordning

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid:Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 19.02.2023

 

Arbeidsstad: Hauso

 

Kontaktpersonar:

Anna Maria Kråkevik

mob: +47 970 78 337

 

Heimeside: ullensvang.kommune.no
Adresse: Opheimsgata 31 5750 Odda

 

Ullensvang kommune 

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Therese Kolltveit
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 915 66 097

Lokasjon

  • Utne
  • Kinsarvik

Søknadsfrist

Desember 31, 2022