100% fast helsesjukepleiar stilling ved Ullensvang helsestasjon

 

 

Ullensvang kommune har ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar. Stillinga er ledig frå 1. juni 2022.
Målgruppa for stillinga er barn og unge (0-23 år) og deira familie.
Ved tilsetjing av interne søkjarar, kan ekstern søkjar verta tilsett i ledig stilling/vikariat med moglegheit for fast stilling.

Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert helsesjukepleiar for helsestasjonen vår.
Me er ein helsestasjon som består av dyktige og engasjerte helsesjukepleiarar, jordmødre, legar, fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretær med tilsaman 22 tilsette.
Ullensvang helsestasjon har omlag 100 fødslar årleg i kommunen og dekkjer eit stort område med 5 helsestasjonar, 13 barnehagar, 10 grunnskular og ein vidaregåande skule.
Stillinga inngår i helsestasjons- skulehelseteneste for born og unge i alderen 0-23 år og deira foreldre. Flyktningarbeid vil også være ein del av arbeidet og det vil være eit tett samarbeid på tvers med andre tenester, som til dømes verksemd for Integrering, lege, psykisk helse for born/vaksne med fleire.
Ullensvang helsestasjon er med på å medverka at gravide, barn, unge og deira familiar mestrer eigen kvardag. Helsestasjonen er under arbeid med å verta godkjend ammekyndig helsestasjon gjennom Nasjonalt kompetansesenter for amming. Helsesjukepleiarane er vertifisert og nyttar ulike verkty som EPDS, ASQ, ASQ SE, ADBB, EPDS og NBO for støtte og rettleie nybakte foreldre. I skulehelsetenesta er dei tilsette vertifisert i kognitiv adfersterapi for angstlidingar/symptomer kalla “Cool kids”. Ullensvang kommune nyttar BTI – Betre Tverrfagleg Innsats som modell. Modellen skal sikra at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng.
Me er opptatt av å samarbeide på tvers med andre tenester, og har vekentleg møter for å fremja kompetanseheving gjennom fag og rettleiing. Me arbeider kontinuerlig med fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene me tilbyr. Hjå oss ynskjer me å utvikle og forbetre oss. Søkjer nettopp deg som helsesjukepleiar i vårt fantastiske team.

Oppgåver og innhald for stillingen vert utarbeida i samarbeid med verksemdsleiar, men aktuelle oppgåver vil vera:

  • Helsestasjonsteneste / Skulehelseteneneste med nært samarbeid med fagleiar og kommunen sitt støttesystem i helsestasjon / skulehelsetenesta / oppvekst

Ønska kompetanse

  • Utdanning og erfaring med barn og unge
  • Kunnskap og erfaring frå helsestasjons- og skulehelsetenesta

Krav til kompetanse

  • Godkj. helsesjukepleierutdanning / sjukepleier ved tiltredelse
  • Arbeidserfaring frå helsestasjonsverksemd
  • Arbeid retta mot barn og unge
  • Gode kunnskapar om relevant lovverk og nasjonale føringar
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Har evna til å arbeida sjølvstendig, i team og tverrfagleg
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Er positiv, fleksibel og engasjert
  • Bidreg med eit godt tilbod til barn og unge med deira familie
  • Likar utfordringar og har evne til å arbeide framtidsretta
  • Bidreg aktivt til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Har gode datakunnskaper med evne til å arbeide systematisk og ryddig
  • Er organisert, strukturert og har gode kommunikasjonsevner

Me ynskjer primært helsesjukepleiar, men oppmodar også sjukepleiarar å søkje på stillinga. Som sjukepleiar stilles det krav om å ta vidareutdanning i helsesjukepleie, innan ein 4 års periode. Personleg eigeskapar vert vektlagd.

Andre krav

  • Ved tilsetting må det leggjast fram gyldig politiattest
  • Førarkort klasse B
  • Gode IKT kunnskaper
  • Godkjent Tuberkulinstatus

Me tilbyr

  • Løn etter lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i pensjonsordning
  • Dyktige og omsorgsfulle kollega og eit godt arbeidsmiljø
    Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

 

 

 

Søk her

 

 

 

  • Fylke: Vestland
  • Jobbtype: Fast
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 16.04.2023
  • Arbeidsstad: Ullensvang kommune

 

Kontaktpersonar

Torbjørg Krog Larsen
mob: +47 91140736

 

Heimeside

ullensvang.kommune.no

 

Adresse

Opheimsgata 31 5750 Odda

 

Ullensvang kommune Helsestasjon

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Dagny Opedal
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 416 21 981

Lokasjon

  • Kinsarvik

Søknadsfrist

April 16, 2023